Det er Sigve Sandvik, som sel jaktkort på internett, som nå annonserer med at ein kan jakta i «rekordbukkens rike». Dette skjer etter saka om Norges største gevir var ute i media for to veker sidan.
- Les òg:
Sjølv hevdar Sandvik at han ikkje ønskjer at bukken skal bli skoten:
– Kan bli som Albin
– Eg håper at dei som jaktar her kan vera så heldige at dei får sjå bukken. At den kan bli ein attraksjon slik albinoelgen Albin var før den blei skoten. Men eg vil ikkje akseptera at dei skyt bukken, seier Sandvik.
- Les òg:
Men denne forklaringa har formann i viltnemnda i Vindafjord, Erling Severin Lien, lita tru på:
– Eg tvilar på at dei berre vil sjå på den. Ser dei den, så skyt dei den nok er eg redd, seier Lien.
Vil la hjorten leva
Årsaka til semja som herskar i jaktmiljøet om at bukken må få leva, er at han skal få spreia genane sine.
– Det er synd at denne annonsen prøver å lokka til seg jegerar med bruk av denne hjorten, seier Lien.
Mannen som sikra seg bileta av hjortebukken, med 20 taggar på geviret, vil vera anonym, men reagerer kraftig på Finn-annonsen.
– Oppfattar du dette som troféjakt?
– Eg ser ikkje korleis ein kan oppfatta det på nokon anna måte, sidan det ligg på ei jaktside, seier mannen til NRK.
– Hjorten er ikkje i området nå
Han legg også vekt på at hjorten truleg ikkje lenger finst i området, som Sandvik prøver å selja jaktkort til.
– Så store bukkar kan bevega seg over store område, og denne bukken er ikkje observert her i område på eit halvt år, seier han.
Sigve Sandvik meiner det heile bygger på ei stor misforståing. I annonsen har han også tatt med følgjande linje: «Det er forøvrig bred enighet i jegerstanden om at vi lar denne gå. Gode gener å avle videre på. »