Hopp til innhold

– Slutt på «manneslusa»

Avinor snur same dagen dei lanserte ein eigen kø for menn i tryggingskontrollen. – Me ønskjer ikkje å bli stempla som kjønnsdiskriminerande, seier fungerande lufthamnsjef på Stavanger lufthamn Sola, Stig Jone Nevland.

Stig Jone Nevland

Fungerande lufthamnsjef på Stavanger Lufthamn Sola, Stig Jone Nevland, trekk nå tilbake den nylanserte manneslusa.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Det vakte stor oppsikt då eit nytt tilbod for menn blei lansert på Stavanger lufthavn Sola fredag.

Ved å ha ei eiga tryggingssluse for menn skulle køen flyta betre på grunn av at kvinner visstnok skulle bruka lenger tid enn menn i kontrollen.

Eit anna argument var at kvinner må bli kontrollert av kvinnelege tryggingsvakter, noko det er færre av enn mannlege.

Sjå TV-innslag om manneslusa (saka er laga før Avinor snudde)

Fredag oppretta Stavanger lufthavn Sola ei eiga mannesluse for å få køen i tryggingskontrollen til å gå raskare. Det vakte oppsikt.

►SJÅ VIDEO: Sterke reaksjonar på mannesluse.

Avviklar slusa

Klokka 19 melder fungerande lufthamnsjef på Sola, Stig Jone Nevland, at dei fjernar slusa.

Dette skjer etter kritikk frå mellom anna Likestillings- og diskrimineringsombodet, som har fått fleire klager frå kvinnelege reisande.

– Slusa er nede og systemet er nå avvikla, seier Stig Jone Nevland.

– Var det ein dårleg idé?

– Eg held fast på at intensjonen var god, men så har det blitt mykje negativt fokus rundt dette. Me i Avinor vil ikkje ha på oss at me er diskriminerande, det er det siste me vil bli kjende for.

Han legg likevel til at køane, som har gått bra i dag, kan bli noko lenger nå.

– Gledeleg

– Men me skal omstilla oss, og prøva å gripa køproblemet an på ein annan måte, seier han.

Til neste år vil flyplassen få utvida kapasiteten sin kraftig, så då vil køane uansett gå betre.

Nestleiar hos Likestillings- og diskrimineringsombodet, Elisabeth Lier Haugseth, er glad for nyheita om at Avinor fjerna slusa.

– Me har fått mange klager i dag og det er bra at dei snur. Dei har nok sett at slikt skaper reaksjonar, og me meiner det er fint at dei nå finn andre måtar å løysa køproblema på, seier ho.