Hopp til innhold

To tilfelle av smittsom hjernehinnebetennelse

Legevakta har fått fleire førespurnader frå folk som er bekymra for smitte etter ein 19 år gammal mann døydde av hjernehinnebetennelse sundag. Nå melder Stavanger kommune at det har vore to tilfelle av hjernehinnebetennelse på ei veke.

Stavanger universitetssjukehus (SUS)

Sundag døydde ein 19 år gamal mann frå Sandnes av hjernehinnebetennelse på Stavanger Universitetssjukehus (SUS).

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

– Ein elev ved Randaberg vidaregåande blei smitta førre veke, seier helsesjef Egil Bjørløw i Stavanger kommune.

Kommunen skriv på heimesidene sine i dag at det har vore to tilfelle av hjernehinnebetennelse på Nord-Jæren den siste veka.

Ein av dei smitta, ein 19 år gammal mann, døydde sundag på Stavanger Universitetssjukehus. Bjørløw kan ikkje seie om det er nokon samanheng mellom dei to tilfella.

– Me kan ikkje utelukke ein samanheng, men ventar på ein tilbakemelding frå sjukehuset. Det er viktig å vere oppmerksame på dette, og gjøre tiltak som kan forhindre vidare smitte, seier han.

– Ta kontakt om du kjenner deg sjuk

Egil Bjørløw

Helsesjef Egil Bjørløw i Stavanger ber russen om å vaksinera seg.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Etter dødsfallet blei kjent har kommuneoverlege i Sandnes, Hans Petter Torvik, fått mange førespurnader frå folk som er urolege for smittefare:

– Det har vore ein del folk innom på legevakta i går og i natt, seier Torvik til NRK.no.

Han legg til at smittefaren er minimal, men dei vil likevel ha låg terskel for å ta imot unge med symptom dei komande dagane.

– Kva vil du sei til folk som er redde for smitte?

– Dei skal følgja med, og ta kontakt med lege dersom dei får høg feber, hovudverk og generell sjukdom i kroppen, seier han.

Personar som har hatt nær kontakt med 19-åringen har allereie fått førebyggjande behandling.

– Russen må vaksinera seg

Smittefaren ved hjernehinnebetennelse er om lag tre prosent, men Bjørløw oppfordrar russen til å vaksinere seg mot sjukdomen.

– Vi anbefaler kvart år russen å vaksinera seg, og nå oppfordrar vi ekstra til det. Alle som skal vera russ i år bør gå til vaksinasjonskontoret nå, seier han.

– Ikkje til å fatta

Jan Ole Rød

Rektor ved skulen der den 19 år gamle eleven gjekk, Jan Ole Rød, seier at tilsette og elevar på Gand er sterkt prega av hendinga.

Foto: Arild Eskeland / NRK

19-åringen som mista livet sundag, var elev ved Gand vidaregåande skule i Sandnes. Rektor Jan Ole Rød fortel om ein tung dag på skulen:

– Me starta dagen med at alle klassane har blitt informerte om dødsfallet. Dessutan har me hatt ei samling med klassen der eleven gjekk, seier han til NRK.

– Skulen er veldig prega av det som skjedde. Eleven var jo her på skulen på fredag og tok helg, som alle oss andre, og på måndag kom han ikkje tilbake. Det er både trist, tragisk og nesten ikkje til å fatta, seier Rød.

Han seier at skulen har rådgjevarar i beredskap til å snakka med urolege elevar og foreldre om smittefaren ved hjernehinnebetennelse.