Hopp til innhold

130 grisar døydde i grishusbrann

Omlag 130 grisar døydde i ein grishusbrann i Løgeveien på Time i kveld.

Grishusbrann Time

Eit grishus brann ned i Time kommune i Rogaland måndag kveld.

Foto: Magnar Larsen

Opp mot 220 grisar blei redda ut av den brennande driftsbygningen.

– Me har nå kontroll over flammane og det er ikkje fare for at brannen skal spreia seg, seier Per Halvorsen, brigadesjef i Brannvesenet Sør-Rogaland i 20.30-tida i kveld.

Femte grishusbrannen

Store brannmannskap frå brannstasjonane på Klepp, Bryne og Sandnes blei sendt ut til Løge då brannalarmen gjekk litt før klokka 19 i kveld. Totalt 30 mann og åtte brannbilar deltok i sløkkearbeidet.

Dette er den femte grishusbrannen på mindre enn eitt år i Rogaland.

– Dette er eit høgt tal, seier brannsjef i brannvesenet i Sør-Rogaland, Egil Øverland.

Ukjent brannårsak

Ofte er det feil med dei elektriske anlegga som er årsaka til brannane i grishusa.

– Saman med Mattilsynet, Arbeidstilsynet og Elverket har me lagt ned mykje arbeid i å utføra tilsyn med grishusa. Dessverre hjelper ikkje det alltid, seier brannsjefen.

Årsaka til brannen i Time i kveld er førebels ikkje kjent.

– Det er altfor tidleg å seia noko om brannårsaka nå, seier brigadesjef Halvorsen.

Les om to av dei tidlegare grishusbrannane her:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Grishusbrann Time

Grishuset kjem til å bli heilt nedbrent i Time i Rogaland.

Foto: Magnar Larsen