Hopp til innhold

Døv katt blei redninga for sjeldan fugl

Mannen som skulle slå graset på Karmøy fekk streng beskjed om å sjå etter den døve katten. Dermed var han så oppmerksam at han kom over eit sensasjonelt fuglefunn.

Katt og fugl

Denne døve katten blei redninga for den svært sjeldne åkerriksa.

Angela Gundersen Østhus og Henning Østhus

Angela Gundersen Østhus og Henning Østhus tar vare på ein av dei fem åkerrikseungane.

Foto: Harald Dale / NRK

Den raudlista fuglearten åkerrikse er globalt utryddingstruga, og ein av Norges mest sjeldne fugleartar.

Berre hell og lukke gjorde at fem fuglungar av arten ikkje hamna i ein slåmaskin på Karmøy denne veka.

Fant reir med fem

Det var Angela Gundersen Østhus som sa til han som skulle slå på åkeren, at han måtte passa på at den døve katten deira ikkje var i graset.

– Dermed passa han ekstra godt på, og då han såg ei lita rørsle i graset slo han av maskinane og gjekk ut, fortel Gundersen Østhus.

Det viste seg likevel at det ikkje var den døve katten som gøymde seg i graset. Det var mora til eit lite fuglereir med åkerrikser han hadde sett.

– Hadde ikkje føraren av forhaustaren vore så konsentrert hadde det nok gått gale med åkerriksa, så det var nok kosepusen som redda dei, seier ho og ler.

Tre av fuglungane blei flytta på trygg avstand frå graset som skal bli slått. To verka så sjuke at Angela og Henning Østhus tok på seg å passa på dei.

Ein av desse klarte seg ikkje, medan den andre nå er så frisk at den et mark ut av hendene.

Åkerriksa

Denne åkerriksa var så pjusken at bonden tok hand om den. Nå ser den ut til å overleva.

Foto: Peder Christiansen

– Stor sensasjonelt

Når naturforvaltaren i Karmøy, Peder Christensen, besøker dei to brukar han ikkje små ord når han ser den vesle åkerriksa.

Åkerriksa

Åkerriksa et nå mark frå handa. Etter kvart ønskjer naturforvaltaren på Karmøy å setja den ut på eit tileigna område i Haugesund.

Foto: Peder Christiansen

– Dette er ein stor sensasjon, bryt han ut.

– Eg vil sei at dette er Norges sjeldnaste og minst dokumenterte fugl. Me veit at me har 100 til 150 hannar her årleg, men me klarar ikkje å finna hoene, egg eller kyllingar, seier han til NRK.no.

Angela, som er matmor for den eine kyllingen, er veldig glad for at reiret ikkje hamna i ein høyball.

– Det er herleg, eg er ein dyreelskar, og når eg ser at han har det såpass bra som han har det nå er det herleg, seier ho.

Nesten utrydda

Åkerriksa er på raudelista over fugleartar i Norge.

På 50-talet var ho nesten heilt vekke frå artsmangfaldet, Nå har bestanden tatt seg litt opp, og ein går ut frå at det finst om lag 50 reproduserande individ i landet kvart år.

Attroing og intensivering av jordbruk er framleis ein trugsel mot artens habitat.

Når fugleekspert Arnt Kvinnesland fekk høyra om åkerriksa var han snar med å koma seg ut for å få ta bilete.

– I alle mine år på jakt etter sjeldne fuglar på Karmøy har eg aldri sett små kyllingar som dette før. Eg har sett vaksne eksemplar av fuglen før, men aldri så små, seier fugleeksperten, som har møtt opp for å fotografera den vesle sensasjonen.

Når ungen blir frisk nok, ønsker naturoppsynsmannen å setja fuglungen ut på Vibrandsøy i Haugesund, som gjennom fleire år har vore ein fast lokalitet for åkerrikse. Eit større område sør på øya er regulert til spesialområde for åkerrikse.