Hopp til innhold

Fyrverkeri-brann i Kopervik

Brannvesenet sløkte i natt ein lyngbrann i Kopervik i Karmøy. Like ved brannstaden fann dei noko som kunne minna om restar etter fyrverkeri.

Lyngbrann i Kopervik

Det gjekk greitt for brannvesenet å sløkka brannen i Kopervik natt til laurdag.

Foto: Tor Andre Johannessen

Klokka 01.50 fekk politi og brannvesen melding om lyngbrann like ved avkøyrsla frå Sundvegen og inn til Fotvannet, i Kopervik i Karmøy.

Naudetatane rykka ut og brannvesenet fekk sløkt brannen etter kort tid, ifølgje politiet.

– Det blei funne noko som kan minna om restar etter fyrverkeri på staden, opplyser Norunn Byrknes, som er operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Politiet ønskjer derfor tips om nokon har sett noko mistenkeleg i området. 3

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.