Hopp til innhold

Kunstgras i midtrabattar kan spare helse og pengar

– Det er ikkje bra arbeidsmiljø å klippa plenen midt i ein traffikert veg, seier Torgeir Haugen sjef for Park og friluft i Haugesund. Derfor blir utvalde midtrabattar nå kledde med kunstgras i eit prøveprosjekt.

Midtdelar med kunstgras

KUNSTGRAS PÅ MIDTRABATT: I karmsundgata i Haugesund blir det nå slutt på gjødsling og plenklipp for kommunen.

Foto: Tor Andre Johannesen

– På sikt kan det også vera pengar å spara på dette, seier Torgeir Haugen sjef for Park og friluft i Haugesund kommune.

Men det er først og fremst med tanke på HMS for dei tilsette at kommunen har føreslått å kle midtrabattar i trafikkerte vegar med kunstgras.

– På smale midtrabattar kan det vera direkte farleg å klippa plenen mellom bilar som fyk forbi, seier Haugen.

Han er spent på å sjå om det uekte graset vil kunne bli ein permanent erstattar for det ekte graset som delar vegar over heile landet. Førebels involverer prøveprosjektet Karmsundgarta og to andre vegbanedelarar i byen.

Det er Vegvesenet som er ansvarlege for å få på plass kunstgraset.