Hopp til innhold

Komle på kinesisk

På restauranten Kina hjørna i Kopervik kan du bestilla «Chong med dott» kvar einaste torsdag. Dette er verken meir eller mindre enn torsdagskomle med dott.

Video Kinakomler

I Kopervik på Karmøy kom Zhi Heng Li og Ah Lin Varne ikkje utanom den tradisjonelle torsdagskomla. (Foto: Eirik Gjesdal)

Å ha ein restaurant i Kopervik utan torsdagskomle, -rasp, -potetball eller -kompe, som denne vestlandske retten heiter, var ikkje tenkeleg for Zhi Heng Li og Ah Lin Varne. Sjølv om det var ein kinesisk restaurant dei starta for over ti år sidan. For på torsdag er det komle kundane vil ha.

Brokkoli blir baconbitar

Derfor blir den sur-søte sausen bytta ut med feitt kvar einaste torsdag på Kina hjørna. Risen blir erstatta med raspa potet, vatn og mjøl. Og i staden for bambusskudd og brokkoli er det kålrabi og baconbitar som gjeld.

Det einaste som står att av det orientalske er namnet. For dei to som driv restauranten har nemleg seg imellom døypt komle om til «Chong».

  • Treff Li og Varne og mange fleire komletilhengjarar i dokumentarfilmen «Komletorsdag» på NRK 1 torsdag 16. desember.

Gode kundar

Og det er med eit smil dei kan fortelja at mange freistar å eta den «eksotiske» retten «Chong» med pinnar:

– Nokre prøvar å eta komle med pinnar. Dei stikk pinnen inn i komla, noko som kan bli komisk å sjå på, ler Zhi Heng Li.

Dei kan fortelja at dei har fleire faste kundar som ikkje kan tenka seg å eta noko anna enn komle på ein torsdag.