Hopp til innhold

Nytt Statoil-funn i Nordsjøen

Statoil har gjort nok eit storfunn på den mest modne delen av norsk sokkel, berre 20 kilometer frå Ekofisk der den første olja i Norge blei henta ut.

Statoil har gjort et stort olje- og gassfunn i den sørlige delen av Nordsjøen.
Funnet ligger 20 kilometer nord for Ekofisk-feltet.
Det er det fjerde store funnet Statoil har gjort på norsk sokkel de siste 15 månedene.

Funnet ligger 20 kilometer nord for Ekofisk-feltet. Det er det fjerde store funnet Statoil har gjort på norsk sokkel de siste 15 månedene.

King Lear

Gassfunnet på King Lear skal vera på mellom 70 og 200 millionar fat med utvinnbare oljeekvivalentar. Oppe til høgre kan du sjå plasseringa på feltet i forhold til Stavanger.

Foto: Statoil

Funnet i Nordsjøen er det åttande såkalla «high impact», eller svært viktige, funnet Statoil har gjort dei siste 15 månadene.

Denne gongen er det saman med det franske oljeselskapet Total dei gjer gassfunn i det King Lear-prospektet, som ligg sør i Nordsjøen.

På storleiken til Kristin-feltet

Gro Gunleiksrud Haatvedt

Gro Gunleiksrud Haatvedt er leitedirektør i Statoil.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Statoil har tidlegare definert King Lear som eit prospekt med stort potensial. Boreresultata bekreftar våre forventningar og viser igjen at norsk sokkel leverer fat av høg verdi, seier Gro Gunleiksrud Haatvedt, leitedirektør for norsk sokkel i Statoil.

Dei går ut frå at funnet inneheld mellom 70 og 200 millionar fat utvinnbare oljeekvivalentar.

Til samanlikning er dette omtrent like stort som gassinnhaldet i Kristin-feltet.

Nytt liv på norsk sokkel

King Lear-funnet går nå inn i Statoil sin konsernstrategi om å skapa nytt liv på norsk sokkel.

– King Lear ligg omkring 20 kilometer nord for Ekofisk-feltet. Det er oppmuntrande å sjå at det framleis kan bli gjort store funn på den mest modne delen av norsk sokkel, like i nærleiken av der det første drivverdige oljefunnet i Norge blei gjort, seier Haatvedt.

– Dette styrkar trua vår på leitepotensialet på norsk sokkel. Ikkje berre har norsk sokkel ei stolt fortid, men også ei spanande framtid, legg ho til.

Maersk Gallant drilling rig in the North Sea

Det er med den oppjekkbare riggen Maersk Gallant det nye gassfunnet er gjort.

Foto: Ole Jørgen Bratland / Statoil