Hopp til innhold

Oljeplattformer kan bli stengde

Dersom streiken blant oljeservicetilsette blir langvarig, kan plattformer på norsk sokkel bli stengde.

Gullfaks C

Gullfaks C er blant plattformane som blir ramma av streiken i Baker Hughes Norge.

Foto: Øyvind Hagen / StatoilHydro

Tilsette i oljeserviceselskapet Baker Hughes braut meklinga med arbeidsgivaren natt til søndag.

Dermed har 114 tilsette på 12 ulike oljeplattformar i Nordsjøen gått ut i streik. Usemje om lønns- og arbeidsvilkår etter at medlemmar i tidlegare BJ Services blei kjøpt opp av Baker Hughes i februar, førte til konflikten.

– Streiken kan bli langvarig. Dette får økonomiske konsekvensar i ein frå før pressa marknad, seier klubbleiar i Safe i Baker Hughes, Rolf Onarheim.

Dersom steiken dreg ut kan plattformer bli stengde, og det kan bety tap på fleire millionar kroner dagleg, ifølgje fagforeininga.

– Dårlegare avtale

Dei streikande er organiserte i SAFE. Den nye arbeidsgivaren vil at dei skal godta ein standardavtale som veldig mange har. Klubbleiar Rolf Onarheim seier avtalen dei har fått tilbod om er dårlegare enn det dei hadde før oppkjøpet.

– Dette gjeld ikkje berre økonomi, men prinsipp som streikerett, pensjons- og arbeidstidsordningar, seier Onarheim.

Konsekvensane av streiken blir i første omgang redusert boreaktivitet, noko som kan kosta oljeselskapa dyrt.

– Etter kvar vil mange flyteriggar gå ut. Det betyr mykje økonomisk, legg Onarheim til.

– Uheldig konflikt

Direktør i Oljeindustriens landsforeining, Jan Hodneland, har sete i mekling med SAFE i to dagar. Han er heilt usamd i krava.

– Arbeidskonflikta er uheldig, og krava som SAFE kjem med er heilt urimelege.