Hopp til innhold

– Kan ha køyrd på raudt lys

NSB og Jernbaneverket er i gang med å leita etter årsaka til togavsporinga i Sandnes. Ein mogleg årsak er at lokføraren køyrde på feil signal. Torsdag var det full stans i togtrafikken, og det er uklart når toga igjen kan gå.

Tog spora av på Sandnes

Jernbaneverket hadde klokka 14.30 framleis ikkje fjerna toget som spora av ved Bruelandsenteret i Sandnes.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Håkon Myhre

Ifølgje Håkon Myhre i NSB, kan lokføraren ha køyrd på raudt lys.

Foto: NSB

– Ein av fleire moglegheiter er at toget har køyrd på raudt lys, seier kommunikasjonsrådgjevar i NSB, Håkon Myhre.

Når dette skjer, kan toget bli spora av automatisk.

Kan få konklusjon over helga

Både dei og Jernbaneverket sin uhellskommisjon er nå i gang med å leita etter årsaka til togavsporinga i Sandnes torsdag morgon.

Det var ikkje passasjerar i toget då det spora av, og lokføraren kom ikkje til skade. Likevel har uhellet sett strekket Stavanger-Klepp på Jærbanen heilt ut av spel.

Klokka 15 gjekk det framleis buss på strekninga, og det er ikkje sikkert toga kan gå att i løpet av kvelden.

– Om me er heldige, går toga frå i kveld. Me håpar og trur me er i gang til morgonrushet fredag, seier Myhre.

Arvid Bårdstu i Jernbaneverket trur kanskje det kan koma ein konklusjon på årsaka over helga.

– Får mest truleg svar på kva som har skjedd

– Uhellskommisjonen samlar nå inn all nødvendig data. Dersom toget køyrde mot raudt lys vil det koma fram frå dataen i tryggingsanlegget. Me vil i alle høve mest truleg få svar på kva som skjedde, seier Bårdstu.

Han vil ikkje spekulera i kva som er årsaka før det kjem ein konklusjon frå kollegaene hans i Jernbaneverket.

Også Håkon Myhre understrekar at det kan vera heilt andre årsaker, enn køyring på feil signal, som kan vera årsaka til ulukka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.