Hopp til innhold

Han vil la det nye oljefunnet ligga

Det store oljefunnet, Avaldsnes/Aldous Major i Nordsjøen har ikkje vore til glede for alle. Miljøpartiet dei grøne ber Stortinget og oljeselskapa om å la olja liggja til det beste for både klima, by og framtidige generasjonar.

Torfinn Ingeborgrud

FEIRAR IKKJE NYTT FUNN: Torfinn Ingeborgrud er bystyrerepresentant for Miljøpartiet dei grøne i Stavanger. Til dagleg underviser han på UiS i bygget som er kalla opp etter 'oljeordføraren' i Stavanger; Arne Rettedal.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

OLA ANDERS SKAUBY FOTO: Kim Laland

Ola Anders Skauby er kommunikasjonsdirektør i Statoil, han seier det nye oljefunnet vil vera nødvendig for å oppretthalda same produksjonsnivået framover sidan andre felt vil minke.

Foto: Kim Laland

– Eg fekk ei veldig dårleg kjensle då desse funna blei offentleggjort. Eg tenker at dette verken er bra for Stavanger, Norge eller for alle etterkomarane vore på jorda, seier den ferske bystyrerepresentanten for Miljøpartiet dei grøne i Stavanger, Torfinn Ingeborgrud.

Det var i slutten av september oljeselskapet Lundin gjekk ut med eit estimat som viste at Norge kan stå framføre eit oljefunn som er av dei aller største i landet nokon sinne.

Ei vidare utviding av estimatet på feltet har gjort at optimismen i oljenæringa nå er svært stor.

Må ha stortingsvedtak

Ingeborgrud trur ikkje olja er redninga, og han er nå uroleg for om økonomien i Stavangerregionen i det heile tatt kan handsama eit så stort funn som Avaldsnes/Aldous. Han ber Stortinget og oljeselskapa om å la olja liggja.

– Dette er ikkje noko me kan stoppa her i Stavanger lokalt, det er eit stortingsvedtak som må til, seier Ingeborgrud.

I tillegg til skaden olja vil gjera på miljøet er det mangel på fagfolk, lønspress, stram bustadmarknad og kraftig vekst Ingeborgrud fryktar.

Men miljøpolitikaren får ikkje gehør hos stortingspolitikar og finanspolitisk talsmann i framstegspartiet Ketil Solvik-Olsen.

– Det er inga grunn til å utsetja utbygginga i Nordsjøen. Ingeniørar kan ein henta frå utlandet, men me håpar norske verft får hovudoppdraga med å levera utstyr, seier Solvik-Olsen.

Han understrekar likevel at også dei må konkurrera med utlandet om å vera best og at ein må venta lenge dersom ein skal venta på ledig kapasitet.

Ketil Solvik Olsen

VIL IKKJE UTSETJA: Første nestleiar i finanskomiteen på Stortinget, Ketil Solvik-Olsen (Frp) ser inga grunn til at ein skal utsetja utbygginga i Nordsjøen.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Vitamininnsprøyting

Sjef for næringsforeininga Greater Stavanger, Jan Soppeland, meiner det er ei legitim problemstilling Ingeborgrud tar opp, men er likevel ikkje samd:

– Stavangerregionen er i generell vekst og vil trenga fleire folk og meir infrastruktur uansett. Eg trur heller ikkje Miljøpartiet dei Grøne meite at Stavanger før funnet skulle stagnera å byrja og krympa når oljenæringa dabba av, seier Soppeland.

For det har dabba av, men i sommar viste Nordsjøen seg frå si beste side att, i alle fall om du spør du Statoils Ola Anders Skauby:

– Funna er ei vitamininnsprøyting for oss og for bransjen. Det sikrar verdiskaping og aktivitet i lang tid framover, seier han.

Men eit nytt funn betyr større press på regionens bustader, jobbar og i trafikken meiner Ingeborgrud. Han meiner oljefunnet har sett ei bråbrems på for å satsa på andre ting:

– Fotfeste i framtida

– I budsjettsamanheng er det betre å ha fleire bein å stå på, me kan kanskje få ei bløming i oljenæringslivet i nokre år, men dette går ut over andre delar av næringslivet sidan presset blir så stort, seier Ingeborgrud.

Jan Soppeland meiner at ei forlenging av perioden der Stavanger-distriktet er senteret for stor oljeproduksjon er bra.

– Dette gjer oss betre tid til å få fotfeste i framtida vår, seier han.

Aldous Avaldsnes kan vera i produksjon så tidleg som i 2017. Det er eit forholdsvis enkelt felt å byggja ut, og olja har svært god kvalitet.

Men viss Ingeborgrud får det som han vil, blir olja liggjande på ubestemt tid.