Hopp til innhold

Eit av verdas største

Det nyoppdaga oljefeltet Aldous/Avaldsnes, vest av Stavanger, er eit av verdas største oljefelt til havs. Det seier NRK sin oljekommentator.

Harald Bøe

Harald Bøe er mangeårig oljekommentator for NRK

Foto: Siri Bjelland Berven / NRK

– Med dei siste oppdateringane, er feltet i ferd med å nå same storleiken som Statfjord-feltet. Og Statfjord er det nest største av dei norske oljefelta, etter Ekofisk, seier NRK sin oljekommentator gjennom mange år, Harald Bøe.

Statfjord A

Statfjord A-plattforma i Nordsjøen

Foto: Øyvind Hagen / Statoil / Equinor

– På sitt beste pumpa selskapa opp 750 000 fat olje i døgnet frå Statfjord. Den olja blei omsett for opptil 500 millionar kroner, eller ein halv milliard i døgnet, oppsummerer Bøe.

Frå to til eitt

I starten såg det ut til å vera to felt, og derfor fekk dei også to forskjellege namn, nemleg Aldous og Avaldsnes.

Les også: Dobler gigantfunn

- Men nå er det klart at felta heng saman og då må dei reknast som eitt felt, seier Harald Bøe.

Fasit er ukjent

Oljekommentator Harald Bøe, ser heller ikkje vekk frå at oljefeltet kan bli endå større enn det som blei kjent i dag.

Aldous-funnet

Aldous/Avaldsnes-feltet, i Nordsjøen, vest av Stavanger

Foto: Statoil

– Oljeselskapa er tradisjonelt konservative når dei rekner storleiken på oljefelt. Mest alltid er det slik at endeleg produksjon blir større enn spådommane, seier Bøe.

Det som nå kjem til å skje vidare er at selskapa kjem til å bore fleire avgrensningsborehol, for å finna utstrekninga av feltet. – I den prosessen kan det dukka opp nye lommar med olje, seier Harald Bøe.