Hopp til innhold

Streiken kan ha kosta dei jobben

Blomsterdekor på kjøpesenteret Kvadrat i Sandnes har vore stengt i to veker på grunn av streik. Nå er dei tilsette tilbake, men dei veit verken om dei vil få løn eller om bedrifta klarar å unngå konkurs.

Streiken overfor Blomstredekor

Tillitsvald på Blomsterdekor, Berit Ådneram, har i dag vore med på å starta opp att Blomsterdekor på Kvadrat. Dei veit framleis ikkje om dei vil få løn.

Foto: Morten Nesvik / NRK

Anne Lise Thorske i Handel og kontor

Anne Lise Thorske i Handel og kontor, har i dag vore på Blomsterdekor.

Foto: Morten Nesvik / NRK

Det har vore ein spesiell dag for dei tilsette på Blomsterdekor på kjøpesenteret Kvadrat i dag. Butikken blei hardt råka av streiken som tok slutt i natt, og har derfor heldt stengt i to veker.

Under streiken gjorde sjefen, Frode Hetlevik, det klart for dei tilsette at dei økonomiske konsekvensane av streiken gjorde at dei ikkje fekk råd til å betala ut løn. Dette gjorde han ved å senda ut ein SMS.

Nå som butikken er opna er framtida til dei seks som jobbar der svært uviss.

– Jobbar på spreng

– Dei har ikkje fått løn for den siste månaden dei jobba her, så nå er dei spente på om bedrifta kan løna dei, og om dei får halda fram i jobben, seier Anne Lise Thorske i Handel og kontor, som i dag har vore saman med dei tilsette på Blomsterdekor.

Melding fra sjefen under streiken

Denne SMS-en blei sendt ut frå leiaren av Blomsterdekor under streiken.

Leiinga sit i Bergen, og NRK.no får opplyst frå Hetlevik at dei jobbar på spreng med å få avklart situasjonen. Imens har dei tilsette starta opp.

– Butikken ber preg av å ha vore stengt i to veker. Me må kasta det som er øydelagt og kjøpa inn nytt. I løpet av dagen er me nok oppe og går, seier tillitsvald Berit Ådneram til NRK.no.

– Korleis har det vore å vera i streik?

– Det er aldri kjekt å vera i streik, for ein vil jo helst jobba. Men når ein ser kva resultat som har kome i avtalen var verd det.

– Slik er livet

Men nå kan dei altså mista jobben. Thorske seier at ho forstår at streiken har vore vanskeleg økonomisk for fleire mindre butikkar, men sympatien hennar ligg likevel hos dei tilsette.

– All streik er tungt, men eg trur det er like tungt for dei tilsette. Eg har ikkje meir sympati for arbeidsgjevaren enn dei tilsette, dei har også måtte vike på sine prinsipp for å få dette til. Det er sjølvsagt tungt for små bedrifter å få til ei omsetning, men slik er livet, seier Anne Lise Thorske i Handel og kontor.

Streiken ferdig hos Blomsterdekor

Blomsterdekor er i økonomiske vanskar.

Foto: Morten Nesvik / NRK