Hopp til innhold

– Ein trist dag for kvinnefotballen

I dag trakk Sola kvinnelaget sitt frå førstedivisjon. For litt over ei veke sidan trakk Kattem seg frå toppserien. – Noko er spinn hakkande gale i norsk kvinnefotball, seier Sola-trenar Per Wold.

Sola sitt damelag

NEDLAGT: Sola Fotball sitt damelag fekk ikkje nok jenter til å stilla lag i førstedivisjon, dermed la styret laget ned måndagskveld.

Foto: Sola Fotball

Karina Jonassen

Karina Jonassen må truleg trena med gutar etter laget hennar i dag blei lagt ned.

Foto: Privat

I kveld blei det avgjort at Sola trekk laget sitt frå førstedivisjon på grunn av for få spelarar, neste år blir laget dermed eit tredjedivisjonslag.

Konnerud og Jølster i andredivisjon gjorde nyleg det same, medan Katem i toppserien trakk seg for litt over ei veke sidan.

Sjølv om det berre er snakk om to divisjonar ned for Sola er nivåforskjellen så stor at det er uaktuelt for spelarane på laget å halda fram.

Uroleg for utviklinga

– Eg er uroleg for utviklinga i norsk kvinnefotball, seier Per Wold, som fram til i dag har vore trenar for Sola.

Han er svært trist for at dei ikkje har lukkast med å få nok spelarar inn på laget sitt, til at dei kan spela i den nest høgste divisjonen i kvinnefotballen.

Han ser det i samanheng med alle dei andre hendingane som har vore i norsk kvinnefotball den siste tida, og meiner at ansvaret ligg hos klubbane.

– Noko er spinn hakkande gale, og det må jo vera klubbane som ikkje er gode nok til å få det til å gro i botn, seier han.

– Ei fallitterklæring

To av jentene på Sola som nå er utan klubb spelar for Norge sitt jente 17 lag. Dette er Karina Jonassen og Tonje Danielsen.

– Kva skal me nå gjera, kva klubb skal me utvikla oss i, seier Karina Jonassen, som kan blir nøydd å trena med eit gutelag.

– Før eller seinare må ein over på eit jentelag for å utvikla seg, eit Sola i førstedivisjon var perfekt for dette, men nå veit eg ikkje kva eg skal gjera, seier ho.

Trenaren på laget, Per Wold, seier at dette er ei fallitterklæring for fotballen.

Dårleg rekruttering

– Det burde vera eit førstedivisjonslag i regionen. Me har to elitelag i Klepp og Avaldsnes, det er for gale at me ikkje har eit lag i divisjonen nedanfor. Det gjer ein heilt annan kamparena, noko mange har behov for når dei skal koma seg vidare, seier han.

Sola vil nå prøva å hjelpa spelarane sine til å finna andre klubbar der dei kan utvikla talentet sitt.

– Dei to landslagsspelarane vil få tilbod om å trena med gutar, slik dei kan halda seg i form. På torsdag vil me halda møte der me hjelpar kvar enkelt spelar med å finna klubbar dei kan spela i.

Kvifor er interessa rundt kvinnefotballen så låg?

– Sola har vore for dårlege på rekruttering, det er det ikkje tvil om. Men det ligg nok også litt i samfunnsutviklinga. Kanskje er det for få opplevingar i fotballen for dei unge som ikkje er i det øvste nivået, seier Wold.