Hopp til innhold

Søppelplass kan spre død

Fiskedød i Leirelva i Sande blir meldt til politiet.

 

Fiskedød i Leirelva
Foto: Picasa 2.7 / NRK

Fisken i elva dør og eit avfallsdeponi i nærleiken blir mistenkt for å vere syndaren.

Per Hoen har utsikt mot elva frå huset sitt. Han fortel at elva også blei ureina ein gong i mai og ein gong i juni.

- Men det var eit giftutslepp sist torsdag som tok livet av all fisken. Det synest eg er trist, seier Hoen.

Han vaks opp ved Leirelva og fiska her då han var gutunge. Den gongen gjekk det også sjøaure opp i elva. Men no er det heilt daudt i Leirelva.

Fiskedød i Leirelva, Per Hoen

Per Hoen er nabo til Leirelva i Sande.

Foto: Picasa 2.7 / NRK

 

Sande kommune har nå meldt eit giftutslepp i Leirelva til politiet. 

Ordførar Karl Einar Haslestad i Sande kallar det faunakriminalitet.

Han legg ikkje skjul på at kommunen mistenker Lindum avfallsdeponi like ved for å stå bak giftutsleppet.

- Eg ser veldig alvorleg på dette. Vi har tidlegare bedt bedrifta om å skjerpe overvakinga og få betre system utan at kommunen er blitt høyrt, seier Haslestad.

Med buken i veret

Elva har fått ein svart og brun farge og har no ein ti kilometer lang strekning med død fisk.

- Auren går normalt opp her for å gyte, fortel Hoen.

Men no vil det ta ei stund før han igjen får sjå fisk i elva som ikkje har buken i veret. 

- Først må elva reinse seg. Og så må ny fisk gå opp for å gyte, seier Hoen.

Det er politiet i Drammen som skal etterforske saka. 

Fiskedød i Leirelva

Fisken ligger død i Leirelva etter giftutslepp.

Foto: Picasa 2.7 / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark