Hopp til innhold

– Tine syner ei kunnskapsløyse som er provoserande

– Skammeleg og provoserande. Slik karakteriserer tradisjonsmatkjennar Bodil Nordjore den nye reklamekampanjen frå Tine.

Tine Helmelk.

På kartongane til Tine står det no julehistorier. Ein av dei er frå Rauland.

Foto: Grete Ingebjørg Berge / NRK

I ein ny reklamekampanje på mjølkekartongane brukar Tine ein mjølkebonde frå Rauland i Telemark som hovudperson.

Tine Helmelk.

Bodil Nordjore reagerer på denne teksten på Tines heilmjølk.

Foto: Anette Dotseth Stensholt / NRK

– Tine viser ei kunnskapsløyse som er provoserande, seier tradisjonsmatekspert Bodil Nordjore. Blant anna gjeld dette måten tradisjonsrettane kling og gomme blir omtalt på.

– Eg veit ikkje om eg skal le eller grine

Det nærmar seg jul, og på mjølkekartongane er det no julemotiv og julehistorier. Ein av historiane er frå Rauland i Vest-Telemark. I den nasjonalromantiske teksten står det:

«Rett ved Bøen gård i Rauland ligger Lognvikvatn, der bonden Knut fisker fjellørreten som blir julemiddag. Den tykke lefsa som følger med kalles kling, og til dessert er det gomme: Fyldig melk rett fra kua, kokt i timevis. Ikke rart nissen er blid».

Ein som kan mykje om norsk tradisjonsmat er Bodil Nordjore. Ho er sjokkert.

– Eg veit ikkje om eg skal le eller grine. Det må vere kunnskapsløyse som fører selskapet inn i ei blindgate. Det er ingen i Vest-Telemark, heller ikkje på Rauland, som bakar tjukk lefse til jul. Klingen skal vere lauvtynn, forklarar ho og held fram:

Bodil Nordjore

Bodil Nordjore blir provosert av Tines nye reklamekampanje.

Foto: NRK

– Gomme er kaffimat, og blir aldri brukt som dessert. Det er lite truverdig når selskapet rotar slik med tradisjonsmaten.

– Teksten blir kvalitetssikra

Kommunikasjonsrådgjevar Olav Håland i Tine seier selskapet gjennom denne kampanjen vil setje fokus på dyktige bønder, og fortelje moderne menneske kvar mjølka kjem ifrå.

– Det er gjennomført eit intervju, og det er tatt bilete av garden. Det er grunnlaget for teksten på kartongen, seier Håland.

– Men folk på Rauland kjenner seg ikkje att i teksten?

– I så fall har det skjedd ei mistyding. I prinsippet skulle både biletet og teksten vore kvalitetsikra.

– Blir flau og provosert

Nordjore seier ho blir flau og provosert.

– Det er beint fram skammeleg når eit stort selskape som Tine slurvar slik.

– Tine ynskjer å legge vekt på mattradisjon. Mattradisjonar og historie er veldig viktig for Tine. Difor er dette ei lei sak, seier Håland.

– Kva gjer selskapet med saka?

– Tine vil ta kontakt med dei aktuelle personane for å avklare saka. Så får vi tru dette blir ein lærepenge, seier Olav Håland.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark