Olav kan bli Noregs nye oljemillionær
SJÅ VIDEO:Olav Norheim har arva ein kornåker ved Crosby i Nord-Dakota på grensa mot Canada. Her kan det ligge store oljerikdomar skjult under jorda.
Familien Norheim i Bø i Telemark kan få del i oljerikdomen i det som blir rekna som Nord-Amerikas største oljefelt.
Publisert 07.02.2012 18:44. Oppdatert 07.02.2012 18:48.
- Skriv ut
Familien arva ein kornåker i Midtvesten som kan bli gull verdt om oljeselskapa finn olje. Nord-Dakota er i dag den fjerde største oljeproduserande delstaten i USA. Og anslaget over verdiane i oljefelta blir stadig oppjustert.
- Les også:Amerikanere på desperat jobbjakt
Uventa brev
Det var ein advokat i USA som fann slektningane til Hans Norheim som utvandra frå Lunde i 1923 til USA. I 2007 dukka det opp eit brev i postkassa til Olav Norheim frå ein landmann i kartverket i USA.
Brevet fortalte at det var i ferd med å bli stor interesse rundt mineralrettane til eit jordstykke familien arva.
– Det var uventa, det var ingen som visste noko, seier Olav Norheim til NRK.no.
Artikkelen held fram under biletet.

Hans Norheim ligg gravlagt på ein æreskyrkjegard i Arizona. Han døydde i 1998.
Foto: Ragnar Lurås/NRKKlondykestemning i delstaten
Det blir bora etter olje med flyttbare riggar på markene i Nord-Dakota. Det er klondykestemning i delstaten og fleire norske etterkomarar kan nyte godt av rikdomane som ligg gøymt langt nede i jorda, utan å vite om det.
For det er mange av innbyggarane i Nord-Dakota som er etterkomarar etter norske utvandrarar. Og kanskje finst mange som har ein arv dei ikkje kjenner til.
Slektningane til Hans Norheim eit arva jordstykke på 430 mål som kan viser seg å bli svært så gullkanta om det blir funne olje i jorda.
Ingen ledige senger
Det er tre nieser og nevøar i Noreg og borna deira som har arva jordstykket. Hans Norheim er broren til oldefaren til Olav Norheim. Olav har vore fleire gonger over til USA for å besøke familien, og familien i USA har vore i Bø.
– Den siste tida har det blitt folksamt i Crosby i Nord-Dakota etter at oljeleitinga tok av. No er det gassflammar over alt. Siste gongen eg var over for å ordne med formalitetane for arven måtte vi kjøre fleire titals mil for å finne overnatting.
Ventar i spenning
Men så langt har det ikkje blitt bora etter olje i kornåkeren som slektningane etter Hans Norheim arva.
– Det blir veldig spennande å følgje med på kva som kan finnast langt ned i jorda. Eg er stadig inne på ei nettside til delstaten Nord-Dakota som fortel om utviklinga i oljeleitinga. Verdiane blir stadig oppjustert, seier Olav Norheim.
Klikk for å se video:
NETT-TV: Etterkommere av norske utvandrere til Nord-Dakota kan være arvinger til oljefelt uten at de vet det.
Siste: Telemark
Siste riksnyheter
Partane i Oslo-meklinga tek pause - Vil ikke myke opp egenkapitalen
- Minst åtti drept i Syria fredag
- Brasils president med miljøveto
- Pingvin fanget i Tokyo
- BI-lærer anklages for juks
- Nordmann blir klimatopp
- Svenn Stray er død
- Pavens butler arrestert
- Valgthriller i Egypt
- Massearrestasjoner i Baku
- Tre drept i bombeangrep i Tyrkia
- E18 stengt etter ulykke
- Historisk hendelse i rommet
- To hardt skadd i trafikkulykke
- Ble stående på jernbanesporet
- Varsler kaos i flytrafikken
- Bankia trenger 150 milliarder
- Unio trapper opp streiken
- – Ville forstått våre krav






Guardiola tok farvel med cupgull