Hopp til innhold

Kraftig auke i førehandsrøystinga

Tal frå Kommunal- og regionaldepartementet viser at 530 000 veljarar har førehandsrøysta over heile landet. I 2007 var talet 374 000. Det er ein auke på 41,7 prosent.

Tone Rindebakken

Tone Rindebakken hadde ikkje høve til å røyste på valdagen, og synast det var kjekt å førehandsrøyste.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Førehandsrøystinga er no avslutta. Totalt har rundt 530 000 veljarar førehandsrøysta. Av desse er det rundt 27 800 veljarar i forsøkskommunane som har førehandsrøysta elektronisk via Internett.

– Det er svært gledeleg at så mange veljarar brukar stemmeretten sin. Så høge førehandsrøystetal gjer at eg vonar me får ei veldig høg valdeltaking også på valdagen. Dette visar at innbyggarane hegnar om lokaldemokratiet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Artikkelen held fram under biletet.

Førehandsrøysting

Det har vore jamn pågang med folk som ynskjer å førehandsrøyste ved Servicekontoret i Skien i år.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Hektisk

Det var hektisk på Servicetorget i Skien, for mange ville førehandsrøyste. To av dei var Inger Beate Thommassen og Tone Rindebakken.

Dei syntes ikkje det var vanskeleg, og vert ikkje påverka av valkampen.

– Nei, det er det same kvart år, seier Thomassen.

– Eg er bortreist på måndagen, og har det travelt på sundag, så det er veldig kjekt å førehandsrøyste, seier Rindebakken.

Ho synes det er viktig å nytta seg av røysteretten.

– Det er veldig viktig. Eg vil vera med å påverke demokratiet, og har stemt det same i mange år.

Nær dobling

Torfinn Bjørntvedt er ansvarleg for førehandsrøystinga i Skien. Han fortel om ein kraftig auke i antall røyster.

– Det har vore ein jamn pågang, og i år ligg vi an til 4200 til 4300 førehandsrøyster til kommune- og fylkestingsvalet. I 2007 hadde vi 2500 førehandsrøyster, så det er ein kraftig auke sidan siste val, seier Bjørntvedt.

Det nærmar seg altså ei dobling av førehandsrøystene i Skien, og også i Porsgrunn er det mange fleire som har førehandsrøysta enn i 2007, fortel Hege Schjøth Øverås.

– Det er 2828 som har røysta til nå. På same tidspunkt ved førre kommuneval, var det 1856. Det vil seie at vi har ein auke på 34 prosent, så det ser ut som om det er mange fleir som ynskjer å førehandsrøyste i år, seier Øverås.

– Trur du at det betyr at fleire vil røyste på valdagen?

– Det kan det gjera, men det kan hende at folk har ein annan måte å røyste på no enn for nokre år sidan. Det er kanskje ikkje like høgtideleg å gjere borgarplikta si der. 22. juli kan også ha hatt noko å seie.

Skulle du ha gløymt valkortet ditt, så får du røyste viss du har førarkort eller anna identifikasjon med deg. Og så er det berre å gå inn i eit avlukke, dra for gardina og plukke to røystesetlar.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark