To sauer tekne av bjørn

Illustrasjonsfoto
Foto: PER LØCHEN/ScanpixTo sauer er tekne av bjørn i Bøgrend i Vinje.
Publisert 30.07.2007 08:02. Oppdatert 30.07.2007 08:27.
- Skriv ut
I førre veke fann sauebonde Kjetil Nessæther i Bøgrend i Vinje to av sauene ihelrivne av bjørn.
- Eg fekk melding av nokre hytteturistar som hadde funne eit kadaver, seier Nessæther.
Sauen hadde fått avrive juret og litt av bringa.
Fann ein sau til
Nokre dagar seinare fekk Nessæther melding om at det var funne nok ein ihelriven sau.
- Og når det er funnen to ihelrivne sauer tek ein til å lure på om det ikkje er fleire, seier han.
No håpar han bjørnen har vandra vidare. Men skulle bjørnen framleis vere i området er det fleire sauebønder som kan få merke det.
Alt tyder på bjørn
Rovviltkontakt Olav Vesaas har sett nærare på sauekadavra og slo fast med ein gong at det var bjørn som hadde vore på ferde.
- Vi har ikkje funne spor, men alt tyder på at det er bjørn som har teke sauene, seier Vesaas.
Han trur ikkje bjørnen er farleg for menneske. Vesaas seier det må bli funne fleire kadaver før Fylkesmannen kan gje fellingsløyve på bjørnen.
- Viss folk skulle kome over bjørnen bør dei halde seg heilt roleg og trekke seg unna, seier Vesaas.
Siste: Telemark
Siste riksnyheter
Baku: Den vakre byen ved havet - Ber FN om hjelp etter ny massakre
- En drept og åtte såret i skuddrama
- Partane i Oslo-meklinga tek pause
- Vil ikke myke opp egenkapitalen
- 90 drept i angrep på syrisk by
- Brasils president med miljøveto
- Pingvin fanget i Tokyo
- BI-lærer anklages for juks
- Nordmann blir klimatopp
- Svenn Stray er død
- Pavens butler arrestert
- Valgthriller i Egypt
- Massearrestasjoner i Baku
- Tre drept i bombeangrep i Tyrkia
- E18 stengt etter ulykke
- Historisk hendelse i rommet
- To hardt skadd i trafikkulykke
- Ble stående på jernbanesporet
- Varsler kaos i flytrafikken






Guardiola tok farvel med cupgull