Det er klart etter nominasjonsmøtet i Telemark Ap laurdag ettermiddag.
Ordførar i Hjartdal, Sven Tore Løkslid seier han er glad for å få vere Telemark Arbeidarparti sin fylkesordførarkandidat.
– Eg er audmjuk og stolt over å ha blitt tildelt den plassen av partiet.
Løkslid fortel at han er klar til å ta på seg oppgåve, og meiner han har med seg eit godt lag.
– Så denne oppgåva gler eg meg veldig til.
Tone Berge Hansen frå Brevik er nominert som partiets fylkesvaraordførarkandidat.