Hopp til innhold

Front mot front kollisjon

To personbilar har kollidert ved Teksten camping på riksveg 36 i Sauherad.

teksten camping

Det var ein person i kvar av personbilane. Politiet fekk melding om trafikkulykka klokka 13.56. Og riksveg 36 var stengt ein periode etter ulykka.

Men riksveg 36 er nå open for trafikk igjen, melder vegtrafikksentralen.

Kjørt til sjukehus

Ulykka skjedde då ein personbil som kom kjørande frå Gvarv mista kontrollen i svingen ved Teksten camping og kom over i motsatt kjørefelt.

– Ei kvinne på 42 var førar av bilen som over i feil kjørefelt, seier operasjonsleiar Jan Olaf Jansen.

Kvinna fekk førarkortet beslaglagt. Det var også ei kvinne på 42 år i den andre personbilen.

Båe bilførarane er kjørt til sjukehus for sjekk, opplyser Jansen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark