Hopp til innhold

Sammenhengande kø på E18

Det er samanhengande kø på E18 gjennom Telemark i kveld.

Tett kø på E18, sør for Dørdal.

Det er saktegåande trafikk på E18 gjennom Telemark søndag kveld.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Det er særleg ferietrafikken nordover gjennom Telemark på E18 som går sakte.

Yngve Tørrestad som kjørte sørover på E18 i kveld fortel om saktegåande trafikk mellom utkjøringa på E18 ved Kragerø og til Grenlandsbrua og Telemarksporten i Porsgrunn.

– Det er nok mye ferietrafikk, med folk på veg heim frå ferie, seier Tørrestad.

Nokon stader på E18 står trafikken nesten stille, mens det andre stader går sakte framover.

Etter passering av Telemarksporten i Porsgrunn på veg nordover og etter Kragerø på veg sørover er det normal trafikk på E18 i kveld.

Mest kø gjennom Bamble

Ved vegtrafikksentralen i Porsgrunn får NRK opplyst i 19-tida at trafikken går rimelig greitt p E18.

– Det er tendensar til køar mellom Kragerø og Porsgrunn. Særleg ved Stathelle i Bamble, seier Leif Christensen ved vegtrafikksentralen.

I motorvegen gjennom Vestfold går trafikken greitt.

– Men det er lite som skal til før det kan tette seg til. Det bare eit lite trafikkuhell eller ei punktering, seier Christensen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark