Hopp til innhold

Varmen gjev tidleg hausting

Kristian Gulseth viser stolt fram avlinga som akkurat har kome opp av jorda. Dei er TIDLEG – potet i ordets beste forstand.

Kristian Gulseth

Han garanterer at dei er gode!

Foto: Anne Lognvik / NRK

Pappa Ivar Gulseth smiler som ein unge i ein gotteributikk. Han er strålande nøgd med at potethaustinga startar tre veker tidlegare enn normalt.

Ivar Gulseth framfor potetopptakaren

Ivar Gulseth gler seg over den tidlege innhaustinga.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Eigentleg skulle familien dra på ferie, men for å vera sikker lyfte eg opp eit potetgras.

– Då skjønna eg at potetene ikkje kunne vente, dei var klare, fortel den glade bonden. Ferien måtte vente til avlinga er i hus.

Han har ikkje så stort areal med Ruth, som er namnet på denne tidlegpoteta, men dei er ettertrakta.

"Alle" vil ha nypotet.

Resten av potetavlinga må nok stå nokre veker til.

Aldri skore kornet så tidleg

Simon Helge Dahl

Simon Helge Dahl og to partnarar har 1900 mål med grønsaker og korn. Dei gler seg over god avling.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Simon Helge Dahl nærmar seg førti år som bonde, men han kan ikkje hugse at han nokon gong har skore kornet så tidleg som i år.

Dei starta med å skjera bygg 22. juli, det er bortimot tre veker tidlegare enn normalt. Kveiten står enno, men også den er tidlegare enn normalt.

– Alt er tidlegare enn vanleg i år, seier Dahl. Sjølv om han gjerne kunne tenkt seg ein skvett vatn, er dei ikkje så ille stilt på Fossum i Skien.

Kornåker

Byggen er skoren, men kveiten må ha 2–3 veker til.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Me fekk 40 millimeter nedbør for tre veker sidan, og 10–15 millimeter for halvannan veke sidan, så me er ikkje så ille stilt.

Han kosar seg i godvêret, men hadde ikkje sagt nei takk til ei god regnværsnatt.

Bringebær

Bringebæra er klare til sjølvplukk, men det er stille i åkeren. Folk tenkjer nok at det er for varmt.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Alt gror som hadde det betaling

Også dei som driv med bær opplever at sesongen i år kjem om lag tre veker tidlegare enn normalt.

Varmen gjer at mange vel badestranda framfor bringebæråkeren.

Mykje bær står i fare for å rotne fordi dei ikkje blir plukka i tide.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark