Hopp til innhold

Trur dette koster han 15 000 kroner

Nokon har kutta toppen av 40 juletre i Porsgrunn.

Bjørn Egil Ljådal.

Bjørn Egil Ljådal blei fortvila da han kom på jobb onsdag morgon.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Juletreseljar Bjørn Egil Ljådal opplevde at over 40 juletre hadde fått kutta av toppen da han kom på jobb i dag.

I fleire år har han seld juletre ved BEHA-kvartalet i Porsgrunn, men han har aldri opplevd noko slikt.

– Eg skjønte ikkje kva som hadde skjedd. Eg blei fortvila og ringte politiet. Kven i all verda kan gjere slikt, undrar han.

– Det er berre hærverk.'

– Tapar fleire tusen kroner

Trea som er øydelagde, må kastast og Ljådal reknar med at tapet er på mellom ti og femten tusen kroner.

– Det er surt, seier han.

Teksten held fram under biletet.

Bjørn Egil Ljådal.

Bjørn Egil Ljådal seier det er umogeleg å vite kven som kan ha gjort dette.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Ikkje meldt

Seljaren trur hærverket blei utførd natt til onsdag.

– Det er førebels ikkje meldt, men det er notert. Det er ikkje overvaking her, så vi får ikkje sett noko, forklarar han.