Hopp til innhold

Arven etter Myllarguten

Eit fjernynsteam har følgt musikktalentet Ottar Kåsa frå Arabygdi mot Landskappleiken.

Måndag 13. november kl. 1955 blir dokumentaren vist i Faktor på på NRK1.

Ottar Kåsa drøymer om å vinne Landskappleiken på hardingfele. Han er berre 22 år, og vil ta opp arven etter sin berømte stamfar Myllarguten.

 

Ottar Kåsa
Foto: Geir Åge Jensen / NRK

 Eit stort talent

- Ottar Kåsa er eit stort talent både som felespelar og felemakar, seier Ragnar Lurås som saman med fotograf Geir Åge Jensen er ansvarleg for programmet.

- Felemusikken er på mange måtar to hundre år gamal popmusikk, og artistar som Myllarguten kunne få minst like god betaling som dagens populære artistar for konsertar. Myllarguten tente nok til å kjøpe ein gard i Arabygdi etter konsertar i Oslo saman med fiolinisten Ole Bull, seier Lurås.

Gamal musikkform

Han synest det er spennande at ei så gamal musikkform framleis har så mange tilhengarar blant dei unge. Ottar Kåsa er ein av dei som fører arven etter meisterspelemenn som Myllarguten vidare.

- Ein kan jo lure på om rockemusikken vil overleve to hundre år.

For telemarkingar er det også interessant å vite at det var i Telemark dei først byrja å dekorere hardingfela med roser slik vi kjenner ho i dag.

 

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark