Hopp til innhold

Her vil folk bli spreidd for vinden

Folk kjem fra Oslo for å spreie oska si i Buskerud.

Hallingskarvet

Hallingskarvet i Hol er staden folk vil spreie oska si.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

39 personer fekk i 2009 innvilga sin søknad om å spreie oska for vinden i Buskerud etter sin død.

Og det er i Hol dei fleste av desse vil ha si siste kvile. Det fortel Linda Mary Ask hjå Fylkesmannen i Buskerud.

Les også: Samer vil stoppe spredning av aske i fjellene

Kjem frå Oslo

Det er likevel ikkje holingane sjølve som har dette som sitt siste ønskje. Fleire kjem frå Osloområdet, til og med utanlandske statsborgarar søkte i fjor om dette.

Det er Fylkesmannen som handsamar søknader om oskespreiing. Vilkåra for å få godkjenning for dette, er at området det blir søkt om, er aude høgfjells- eller skogsområder samt ope hav.

Det er området nord for Hallingskarvet som er mest populært i Hol.
Ordfører i Hol, Erik Kaupang, trur dette fyrst og fremst dreiar seg om hytteeigarar, og synest det er hyggeleg.

- Dersom dei ønskjer å ha sin siste kvilestad i Hol, betyr vel det at dei har hatt eit nært forhold til kommunen vår, og det synest eg er flott.

Hallingskarvet

Fleire frå Osloområdet har som sitt siste ønskje å bli spreidd for vinden i Hallingskarvet.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK