Då bør alt frå billettsystem til sanitæranlegg og kiosk fungere som det skal.
Sjå video
100 millionar
Stadionet ber førebels namnet AKA Arena, etter selskapet som har bygd og som eig storparten av anlegget.
100 millionar kroner har heile fotballarenaen kosta. Ein draum har endeleg vorte verkeleg for 1. divisjonslaget Hønefoss BK.
Champions League
- Anlegget er bygd etter forskriftene frå NFF og FIFA, og har eit topp moderne sikkerheitssystem, fullt på høgde med andre store stadionanlegg, seier marknadssjef i HBK, Svein Lafton.
- Det betyr at det faktisk kan spelast Champions League-kampar på Hønefoss i framtida, seier han.