Hopp til innhold

Stor medie-interesse for NM

Fleire utanlandske journalistar kjem til NM i skiskyting i Stryn i slutten av mars.

Blink
Foto: NRK

I tillegg kjem det også tyske skiskyttarar til den norske meisterskapen. Presseansvarleg Normann Kirkeeide er overraska over den tyske og russiske interessa.

- Eg har seinare fått forklart at interessa for skiskyting er enorm. Spesielt i Tyskland, men òg i Russland. Og den aukar på med det som skjedde i Østersund.

- I tillegg er det stor interesse for Norge i begge desse landa, seier han.

Aukande interesse

I skiskyttarforbundet opplever dei ein stadig aukande interesse for idretten, seier idrettssjef Alf Koksvik, sjølv om det ikkje er kvardagskost med tysk og russisk interesse for den norske meisterskapen.

- Vi ser at interessa for skiskyting generelt er aukande både i Norge, austeuropeiske land og spesielt i Tyskland der han har vore stor over lengre tid, seier han.

Den internasjonale interessa får også konsekvensar for arrangørane i Nordfjord, mellom anna vurderar dei no å nytta fleire språk på nettsida si.

Eliten stiller

Med internasjonal merksemd er det nok ein grunn for arrangørane i Stryn til å legge alt til rette for skiskyttarfest i Markane 25. til 30. mars, seier idrettssjef Alf Koksvik.

- Det er litt spesielt når NM er på slutten av sesongen når worldcupen er ferdig. Men vi får ei flott ramme rundt ein norsk meisterskap og ein fin avslutning på sesongen, seier han.

Og idrettssjefen kan love både utlandske og norske gjestar at medaljevinnarane frå VM i Østersund med Emil Hegle Svendsen, Ole-Einar Bjørndalen og Tora Berger i spiss kjem til NM i Stryn, i lag med resten av den norske skiskyttareliten.

- Vi har tradisjon på at alle dei beste stiller, seier Koksvik.