Lægreid vaks opp på Årdalstangen i den mest kaotiske omveltinga nokon kan tenkje seg i eit lite lokalsamfunn. Den tyske okkupasjonsmakta tok beste jorda på heimegarden og starta bygginga av fabrikken som i dag forsyner aluminiumverket i Øvre Årdal med karbon. Men Lægreid meiner oppveksten i dette anleggsområdet har vore positiv for han sjølv.
Lægreid har i tillegg til radiojobben skrive tre bøker og vore medforfattar i endå fleire. No skal han skrive opningskapitelet i eit nytt stort bokverk som kjem ut.