For nær to år sidan vart Eli Wergeland(69) frå Nordfjordeid brått døv, tilsynelatande uforklarleg. Legane kallar det eit mysterium og eit sjeldan fenomen, men noko utfyllande forklaring kan dei ikkje gi.
-Eg hadde vel aldri tenkt på korleis det var å vere døv, for eg hadde ikkje tenkt på at eg kunne misse hørsla nesten over natta! seier Eli. -Eg saknar å høyre barnebarna mine som står framfor meg og pratar og pratar, utan at dei får meg til å høyre. Vi får ikkje samband når dei ikkje kan skrive eit ord.
Men er det heilt stilt i hovudet på dei døve? Ikkje nødvendigvis, -i alle fall ikkje i Eli sitt, som opplever endå eit sjeldan fenomen....