Hopp til innhold

Bilete og video frå UKM

Fekk du ikkje med det fylkesmønstringa i UKM på fredag? No kan du sjå bilete og video frå konserten.

Årets versjon av Ungdomens kulturmønstring har servert alt frå roleg stemningsfull song til full rock'n roll.

Sjå alt når det passar deg

NRK Sogn og Fjordane sende alt frå fylkesmønstringa direkte. Fekk du det ikkje med deg, kan du sjå sendingane i opptak når det passar deg.

Medielina lagar nett-tv

Medielina ved Sogndal vidaregåande skule produserer sendinga for NRK. Dei brukar fire kamera for å formidle alt som skjer på scena, og gir deg også eit innblikk hjå artistane bak scena.

Sogndal vidaregåande skule medialina produserer UKM SF 2012

Medielærar Johnny Flaten og elevar ved medielina i Sogndal produserer tv frå UKM.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK