Hopp til innhold

Talentfulle ungdomar viste seg fram

300 ungdommar frå Sogn og Fjordane viste seg denne helga fram under Ungdommens Kulturmønstring på Eid. No er det klart kven som går vidare til UKM-festivalen i Trondheim.

Lotte Bukve Kjødnes som Restless Child
Foto: Øystein Torheim

Juryen hadde ein vanskeleg jobb då dei denne helga skulle velge blant 300 ungdomar fordelt på 101 sceneinnslag og 81 utstillingsgjenstandar. No er det avgjort at fem sceneinnslag, fire utstillingar og to film/videoar skal vidare til Trondheim.

Joffen frå UKM SF 2012

GJEKK VIDARE: Jon Fredrik 'Jofffen' Hopland frå Stryn

Foto: Øystein Torheim

– Nivået i år var svært høgt, vi kunne sendt vidare dobbelt så mange, seier juryformann Madelene Berg. Dessutan var det mange flinke ungar i alderen 10-12 år, og det lovar godt for UKM i åra som kjem.

Det einaste juryformannen kunne tenkt seg var meir publikum i salen, fredagen var bra, men i helga var det langt mellom hovuda i salen. Det fine veret må nok ta noko av skulda for det.

Madelene Berg, Ane Jørgine Frøyen, Laila Beathe Førde og Stig Ese Eliassen.

JURY: Madelene Berg, Ane Jørgine Frøyen, Laila Beathe Førde og Stig Ese Eliassen sat i juryen for UKM Sogn og Fjordane 2012. Her vert dei intervjua av Stian Sjursen Takle i NRK.

Foto: Øystein Torheim / NRK
Desse gjekk vidare til UKM-festivalen i Trondheim:

SCENE:
Jury: Madelene Berg, Stig Ese Eliassen, Ane Jørgine Frøyen og Laila Beathe Førde.

• Lotte Bukve Kjødnes “Restless Child”, Gloppen - dans - ”Nightmare”
• Jon-Fredrik “Joffen” Hopland, Stryn - trommesett - “The Next Episode, Let´s Go and Sunlight (Joffen Remix)”¨
• Hotclub de Sogndal, Sogndal - stringswing - Swing Guitar
• U Nork, Eid – rock – “Today”
• Patrick Sjøstjerne, Askvoll – „Comptine d’été”

Juryen seier dette om innslaga dei sende vidare:

Lotte Bukve Kjødnes “Restless Child”, Gloppen - dans
- ”Nightmare”
- Inspirert av mareritt, noko som kom tydeleg fram. Lotte tok med seg publikum inn i marerittet sitt på ein kreativ og interessant måte. Skarpe og fine rørsler og bruk av ulike nivå (på golv og ståande).

Jon-Fredrik “Joffen” Hopland, Stryn - trommesett - “The Next Episode, Let´s Go and Sunlight (Joffen Remix)”
- Viste overskot og hadde god kontakt med publikum. Det er også eit pluss at musikken med overgangar og effektar var sjølvmiksa. Eit show!

Hotclub de Sogndal, Sogndal – stringswing – Swing Guitar
- Godt samspel og god teknikk. Spennande sjangerval framført med eit godt glimt i auget.

U Nork, Eid – rock – “Today”
- Bandet imponerte juryen med dynamisk, groovy og feit rock. At låta dei framførte i tillegg var heimelaga, er eit pluss.

Patrick Sjøstjerne, Askvoll – „Comptine d’été”
- Bandet syner at det ligg tanke bak både musikk og framføring. Stemningsfull og kreativ musikk med innslag og inspirasjon frå mange sjangrar sørga for at bandet skilde seg ut.



FILM/VIDEO
• Namitha Hjelle, Sogndal – “Converse reklame”
• Team 1 – A Whole New World, v/Silje Virkesdal Bråstad, Hyllestad – “A Whole New World”


UTSTILLING:

Jury: Elisabet Berg og Tommy Bredesen

- «Puslebord» - trearbeid/møbel av Kristine Rake (17) frå Stryn
- «Tjue elleve i 150 delar» -fotobok av Johanne Nyborg (17) frå Gloppen
- «PC-Pitbull» - ”skulptur” av Jens Lysne (14) frå Lærdal
- «The Guardian» - linotrykk av Marta Osland Lavik (19) frå Jølster/Askvoll

Juryen seier dette om utstillingsarbeida dei sende vidare:

« Puslebord »
- Godt utført handarbeid. Kreativt og spennande idé og design. God balanse mellom form og funksjonalitet.

«Tjue elleve i 150 delar»
- Modent og personleg uttrykk innanfor fotografi, med klar inspirasjon frå dagens samtidsfoto. Omfattande samling av bilete som held jamnt høgt nivå.

«PC-Pitbull»
- Eit morosamt, kreativt innslag som også demonstrerer god formsans. Original form for gjenbruk.

«The Guardian»
- Linotrykk som viser svært høg teknisk kvalitet. Flott bruk av komposisjon, linjeføring og fargar. Klarer å formidle ein spennande idé på ein overbevisande måte.

Generell kommentar frå utstillingsjuryen:
I år er det hovudvekt innanfor fotografiske teknikkar, men eit stort antal sjangerar er representerte. Vi merka oss fleire lovande talent blant dei aller yngste. I åra som kjem håpar vi å sjå meir arbeid innan design. Frå årets utstilling er det arbeid innanfor foto, skulptur, design og biletkunst som går vidare.