Hopp til innhold

Satsar i nedleggingstruga næring

Eikefjordingane Edgar Endestad og Evert Havn er to sauebønder som går mot straumen. Dei satsar no mykje pengar på nytt saueprosjekt

Sauer
Foto: Inger Mari Hellebust

For medan stadig fleire legg ned gardsdrifta, vel dei to gardbrukarane nemleg å satse vidare. Målet er å halda kulturlandskapet i hevd.

Prosjektet har dei jobba med i lang tid. Men no har dei gjort alvor av planane. Difor er dei to naboane no i full gang med å byggje ein splitter ny driftsbygning.

 Men trass mykje arbeid har verken Evert Havn eller Edgar Endestad vore i tvil om at det var verdt å satse.  Når dei er ferdig med alle prosjekta på garden vil dei truleg har investert for over 100 000 kroner. Endestad let seg ikkje skremme av at stadig fleire gir seg med sauer, og at innteninga for mange er dårleg.

Lønn for strevet

Og i dag vart samdriftsbøndene belønna for innsatsen sin. Norsk sau- og geitealslag har nyleg starta eit prosjekt for å få fleire til gjere som dei unge bøndene. Totalt skal dei dele ut 50 000 kroner, og samdriftsbøndene på Endestad fekk 10 000 av desse. Leiar i organisasjonen, Halvar Espeseth, hadde gjerne sett at fleire ville satsa. Han er imponert over det samdriftsbøndene har fått til så langt.