Hopp til innhold

Pangstart for Førde Volleyball

Herrane i Førde Volleyball har hatt ein god start på årets eliteserie. Hjå kvinnene er det ein junior som imponerer.

F.v. Lars Magnus Kaasa, Torgeir Dalen, Martin Berntsen, Geir Eithun og Frank Kalstad

PANGSTART: Førde VBK har så langt vunne alle kampar. Trenar Frank Roger Kalstad er nøgd.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det har gått bra. Vi slo Oslo 3–0 og Koll 3–1. Det var full pott!

Det seier trenar Frank Roger Kalstad på telefon på veg heim frå kampane i Oslo denne helga.

– Fyrste settet mot Oslo var veldig greitt. Og dei to siste setta var jamne. Det er vi sjølve som slepp dei inn att i kampen mot slutten. Serven vår svikta litt.

– I siste settet vart vi litt for nonchalante i spelet vårt, og mista dermed fokus. Men samtidig er det framgang hjå oss. Vi er i ferd med å finne rytmen i laget.

Må finne rytmen

Han er også nøgd med kampen som dei spelte søndag, trass i at ikkje alt sett som det skulle.

– Mot Koll på søndag byrja vi bra i fyrste settet, men spelte rett og slett dårleg i det andre settet. I tredje settet køyrer vi over dei igjen. Så det syner potensialet i laget.

– Spelet vårt varierer litt for mykje. Det kjem av at vi har fleire nye spelarar som må finne rytmen.

Lars Fredrik Tvinde (midten) blir gratulert av Kenneth Søreng

JUBEL: Lars Fredrik Tvinde og resten av Førde VBK har god grunn til å vere nøgde med serien så langt.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Kva fortel det at de har vunne alt så langt, trass i at mange av spelarane er ferske på laget?

– Det syner at potensialet i laget er stort. Held vi fram på denne måten vil vi vere eit vanskeleg lag å slå. Målet vårt er å vere heilt i toppen.

Delt fyrsteplass

Erkerivalen Nyborg leiar no serien. Dei to laga har same poengsum, men Nyborg har ikkje tapt eit einaste sett så langt. Men Kalstad meiner at det er fleire verdige motstandarar i år.

– NTNUI og Randaberg er lag som kan gjere det godt, i tillegg til ein del andre lag som har blitt betre sidan i fjor. Både vi og Nyborg må vere skjerpa mot desse.

– Vi er ikkje garanterte siger. Og det er veldig bra at det er blitt slik. Det er ein styrke for heile idretten, seier herretrenar Frank Roger Kalstad.

Aldri sett så gode blokker

Også kvinnelaget til Førde Volleyball var i aksjon i Oslo denne helga. Med ein siger og eitt tap er trenar Jan Egil Tvinde fornøgd.

– Vi fekk det tøft i serieopninga mot Oslo. Vi tapte 3–0, men hadde ei god utvikling gjennom kampen. I dag slo vi Koll 3–1, og gjennomførte ein knallgod kamp. Eg har aldri sett at eit Førde-lag har blokka så godt før.

– Tre poeng etter denne helga er minst eitt poeng meir enn eg hadde tort å håpe på.

Laget har som mål å sikre femteplassen i serien. Og det er akkurat der laget ligg etter dei fyrste to kampane.

– Vi har eit ganske ungt lag, men viss vi får juniorane våre opp på eit bra nivå så kan vi kanskje klatre endå høgare enn femteplass.

Junior imponerer

Han vil særskild trekkje fram Martine Viken frå Viksdalen som ein spelar som imponerer.

– Ho rett frå landslagssamling og imponerte. Ho skåra mange poeng og hadde enormt med blokker.

– Det er ganske tett blant dei lovande og gode juniorane. Så eg trur dei kjem til å vise seg fram i løpet av dei komande kampane, spår kvinnetrenar Jan Egil Tvinde.

Jan Egil Tvinde med det norske flagget i handa.

IMPONERT: Trenar for kvinnelaget til Førde, Jan Egil Tvinde, er imponert over nokre av juniorspelarane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK