Hopp til innhold

Fleire uhell i farleg kryss i Florø

På ei god veke har det skjedd to trafikkuhell i det same krysset på Evja i Florø. No meiner politiet noko må gjerast på staden.

Påkøyrsle Florø

TORSDAG 4.10: Ei jente vart påkøyrd i gangfeltet.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

Torsdag kveld vart ei jente påkøyrd i gangfeltet ved krysset der det er avkøyrsel frå rv 5 til STX og fleire forretningar . Tysdag 25. september vart ein syklist påkøyrd av ein bil på same staden.

Noko må gjerast

Politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes ved Florø politistasjon seier at dette langt frå er dei første trafikkuhella på denne staden.

– Etter det eg har oversyn over skjer det eitt eller to uhell der kvart år.

Han meiner noko må gjerast for å unngå fleire ulukker. Han meiner det rett og slett er for mykje å passe på for trafikantane på denne staden, der det er 50-sone, og det er busslommer på begge sidene av riksveg 5.

– Særleg når du som bilist kjem frå aust kan det vere mykje å halde styr på. Det står gjerne bilar som ventar på å køyre av mot STX, og desse stenger litt for sikten mot gangfeltet. 50 kilometer i timen er absolutt maksfart dersom du skal ha sjanse til å stanse.

Påkøyrsle ved Evja i Florø.

TYSDAG 25. SEPTEMBER: Ein syklist vart påkøyrd.

Foto: NRK.no-tipsar

– Bruk refleksvest

I tillegg er det ein hekk som stengjer for litt sikt, og Barsnes meiner første tiltaket bør vere å fjerne delar av den.

Uhellet torsdag kveld skjedde i skyminga, og Kjell Magne Barsnes ber alle som går og syklar om å kle seg slik at dei er lette å få auge på, gjerne med refleksvest.

Og bilistane ber han om å sette farten litt ned på denne staden, slik at dei har marginane på si side om dei må bråbremse for å unngå uhell.

NRK.no har vore i kontakt med Statens vegvesen, som no vil sjå nærare på trafikktilhøva i det aktuelle krysset.