Hopp til innhold

Skjolden-elevar ut i naturen

Elevar og barnehagebarn i Skjolden har fått eit nærare forhold til naturen etter eit prosjekt dei har vore med på i haust.

Skjolden Oppvekstsenter og Statens Naturoppsyn har samarbeidd om prosjekt i Mørkridsdalen i Luster,om korleis dei levde og nytta naturresursane då det var stølsdrift og sjølvhushald. Foto: Bjørn Bergum.

Dei 40 ungane på Skjolden Oppvekstsenter får lære om stølsdrift og sjølvhushald. Foto: Bjørn Bergum.

Mellom anna låg ein del av dei ute i lavvo i det verste regnvêret i haust.

– Foreldra var redde for dei, men ungane klaga ikkje, fortel rektor Ellen Kristin Havellen ved Skjolden Oppvekstsenter.

Det starta med at skulen fekk spørsmål frå Statens Naturoppsyn om dei ville vere med på eit prosjekt i eit verna naturområde, og då var det naturleg å legge delar av prosjektet til Mørkridsdalen.

– Det sa vi ja til. Vi har hatt ein periode no i haust, og så skal vi ha ein ny periode til våren.

– Viktig lærdom

Sogndal-fotografen Bjørn Bergum har filma delar av prosjektet. Liv Byrkjeland i Statens Naturoppsyn har hjelpt til med det faglege, og ho gler seg over å få lære frå seg om naturen.

– Ungane får vere med og sjå på gamle driftsmåtar. Dette er viktig lærdom som dei vil ta med seg vidare i livet. Dei kan meir om dette enn folk flest.

Mørkridsdalen

UT I NATUREN: Mørkridsdalen har erstatta klasseromma for elevane i Skjolden i haust.

Foto: Halvard Johan Bolstad

– Svært motiverte ungar

Det er i alt 40 barnehagebarn og elevar på Skjolden Oppvekstsenter, og alle har vore med på prosjektet. Og rektor Ellen Kristin Havellen kan skrive under på at dette har vore både kjekt og lærerikt.

– Det er flott at ungane får lære sitt eige nærområde å kjenne, dei har vore svært motiverte, og vi ser at dei samarbeider mykje betre når dei kjem ut i naturen enn dei gjer i klasserommet.

Mellom anna har dei fått lære om korleis folk tidlegare levde og nytta naturressursane i den tida då det var stølsdrift og sjølvhushald.

Det heile skal munne ut i ein DVD som skal gje lærarar opplæring i emnet, og så skal det og skrivast ei lærebok.