Hopp til innhold

Mesta sine tunnelfolk skal ut til 150 millionar sjåarar

I kveld vert arbeidarane i Mesta Elektro sin jobb i Lærdalstunnelen synt fram på Discovery Channel sitt mest populære program, «How they do it».

Mesta på Discovery

SKAL PÅ TV: Discovery Channel har vore og filma arbeidarane i Lærdalstunnelen.

Foto: Gaute B. Iversen / Mesta

Verdas lengste vegtunnel og dei som jobbar der skal no synast fram på eit av verdast mest sette TV-program. Sidan programmet blir vist ei rekkje gonger over heile verda, reknar ein med at kring 150 millionar menneske vil sjå innslaget.

– Vanlegvis så er vi aleine i tunnelane og driver med vedlikehaldsarbeid. Det blei litt spesielt når det vart filma når vi jobba i Lærdalstunnelen, fortel distriktssjef i Mesta i Sogn, Ivan Bakken, til NRK.

I programmet følgjer ein arbeidarane gjennom vanleg rutinearbeid i verdas lengste biltunnel, som testing av sikkerheitsutstyr og inspeksjonar av det elektriske anlegget.

– Kvifor trur du Discovery ville kome heilt til Lærdal for å filme dykk?

– Eg vil jo tru at det har med å gjere at tunnelen er verdas lengste vegtunnel, og at det er litt interessant å sjå korleis det vert drifta og korleis vi gjer ting inne i tunnelen, fortel Bakken.

Han legg til at det var den internasjonale TV-kanalen som sjølve tok kontakt med Mesta og Statens Vegvesen.

– Dei lurte på om dei fekk vere med og filme når vi hadde forskjellige jobbar i tunnelen. Eg er jo litt spent. Det blir artig å sjå det på TV. Det er jo mange folk som ser det, smiler Ivan Bakken.