Hopp til innhold

Har stoppa ut verdas eldste pingvin

I 20 år har Vidar Aa Djupvik drive med utstopping av dyr. Han har til og med stoppa ut verdas eldste pingvin som no står på Akvariet i Bergen.

Vidar Aa Djupvik

SPESIELL JOBB: Vidar Aa Djupvik har ein jobb litt utanom det vanlege.

Foto: Birger Meland / NRK

– Ja, faktisk. Det er vel noko av det meir spesielle eg har stoppa ut, seier Djupvik.

På ein gard i Jølster er han i ferd med å skape eit litt spesielt miljø. Etter å ha drive med utstopping av dyr i så mange år har det vorte fleire dyr også i eige hus.

– Eg har alltid vore interessert i naturen, fortel Djupvik.

(Artikkelen held fram under videoen)

I 20 år har Vidar Aa Djupvik drive med utstopping av dyr.

SJÅ VIDEO: Slik jobbar Vidar Aa Djupvik når han stoppar ut.

Vart biten av bassillen

Men at han slo inn på vegen som taksidermist skuldast kanskje først og fremst at han kom i kontakt med ein kar i Fusa, der han opphavleg kjem ifrå, som dreiv med utstopping av dyr.

– Eg fekk vere med han litt på kveldstid, og då balla det til slutt på seg, seier Djupvik.

På verkstaden hans i Jølster er det nesten som å komme ut i villmarka. Frå veggane stirer utstoppa dyr ned på deg, mest så naturtru at du du nesten ventar at dei rører på seg.

– Det er ein svært variert kvardag, seier Djupvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hjort og antilope

NATURTRU: Nokon av dyra ser nesten heilt livaktige ut.

Foto: Birger Meland / NRK

Dess mindre, dess verre

Å stoppe ut dyr er ein pirkejobb. Det er viktig å vere nøye for at resultatet skal bli bra. Og når ein konsentrerer seg om slikt, går tida fort.

Difor kan det ofte bli seine kveldar. Får Djupvik først flyt i jobben, ser han ikkje på klokka.

Og dess mindre dyra er, dess meir krevjande er jobben.

– Når det er så lite som ein bokfink, då tek det til å bli vrient, seier Djupvik.

Slike bitte små dyr toler nemleg ikkje så mykje før dei går i stykke.

– Alt er så smått at det er lett å øydeleggje det ein driv med. Skinnet er til dømes svært tynt, forklarar Djupvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ekorn

SKJELETT: Grunnarbeidet er det viktigaste for eit godt resultat.

Foto: Birger Meland / NRK

Legg skinnet i salt

Men sjølve utstoppinga er noko av det siste som skjer. Det er ein langt prosess som må til før dyret igjen tek form etter at det har komme inn på verkstaden til Djupvik.

– Det første eg gjer er å flå av skinnet heilt, fortel Djupvik.

Han kappar heilt ved nasebrusken, og så vrengjer han både øyre, lepper og nase. Deretter legg han det i salt i ti dagar.

– Det er for å trekkje ut fukta i skinnet slik at det kan erstattast med dei garvestoffa som vi brukar, seier Djupvik.

Så må dyret stoppast ut og monterast.

– Viss kunden har ønskje så får han det som han vil. Viss ikkje får eg kunstnarisk fridom, seier Djupvik.

Han innrømmer at han blir litt smigra når folk kallar det han driv med for kunst.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vidar Aa Djupvik og peisen

LAGAR PEIS: Aa Djupvik lagar utstilling i låven sin.

Foto: Birger Meland / NRK

Seier nei til kjæledyr

No har han bygd om fjøsen på garden til utstillingslokale.

– Til sommaren blir det fest, seier Djupvik.

Det aller meste kan stoppast ut av stort og smått, men Djupvik set foten ned når det kjem til kjem til kjæledyr.

– Eg forstår eigarane, men nei, seier Djupvik.