Hopp til innhold

Gloppen Sp går for fylkessekretæren

Fylkes desidert største senterpartikommune ynskjer fylkessekretær Per Rune Vereide på andreplass på stortingsvallista neste haust.

Per Rune Vereide og Jenny Følling

VURDERTE: Gloppen Senterparti gjekk for sin lokale kandidat, Per Rune Vereide (t.v.) på andreplass, framfor fylkesvaraordførar Jenny Følling.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

At partiet også går for Liv Signe Navarsete på topp, kjem ikkje som noko stor overrasking.

Men at Sp-nestor Steinar Ness ikkje er å finne på den ti namn lange lista, er derimot meir overraskande.

– Han er ein kjempeflink og stor ressurs, men vi fann det ikkje rett å ha to namn frå Gaular blant våre ti namn. Då prioriterte vi Jenny Følling, seier leiar i Gloppen Senterparti, Bjarne Bø.

Vil stå høgt oppe

Innspelet frå lokallaget i Gloppen spelar dermed inn kommunalministeren, og partileiaren, på topp, med fylkessekretær Per Rune Vereide på andreplass.

Liv Signe Navarsete

UDISKUTABEL: Liv Signe Navarsete toppar innspelet frå Gloppen Sp.

Foto: Aleksander Andersen / Scanpix

Tredjeplassen går til fylkesvaraordførar Jenny Følling. Bø seier dei heile tida har hatt Vereide som sin lokale kandidat og difor ynskte han så høgt som mogleg på lista. Då sjølvsagt bak Navarsete.

– Dette er eit resultat av at vi har spelt ut og meiner at Gloppen Senterparti har ein god kandidat som er viljug til å stå høgt oppe, seier Bø.

– Ein god kandidat

Måndag gjekk Luster senterparti inn for å gje den tidlegare generalsekretæren Ness på plassen bak Navarsete. Dette er ein plass Erling Sande hadde sit, men som no står ledig etter at Sande har takka nei til renominasjon.

Steinar Ness

UTE: Gloppen Sp leverer ei liste utan Steinar Ness.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Senterpartilaga har frist til 1. oktober med å komme med sine prioriterte framlegg til nominasjonsmøtet som er 2. november. Bø seier dei vurderte Følling på andreplass.

– Men vi fann at som lokallag, så kan vi halde oppe vår kandidat. Han er ein god kandidat meiner vi, seier Bø.

Følling vs. Ness

Jenny Følling, fylkesvaraordførar

UDISKUTABEL: Jenny Følling.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Bø legg til at det var eit lett val mellom dei to Gaular-kandidatane i Følling og Ness.

– Vi meiner Følling har vore i ein sterk posisjon, aktiv i lokal og fylkespolitikken og var nær å bli fylkesordførar. Ho har ein god standing i fylket og når ho har signalisert at ho vil stå på lista så meinte vi at vi, av to gode kandidatar, måtte velje ein og fann det rett å prioritere Følling, seier Bø.