Hopp til innhold

Torde seg ikkje ned frå fjellet

Eit vogntog sperra onsdag morgon nedstiginga på Sognefjellet. Sjåføren torde seg ikkje ned bakkane på det glatte føret.

Sognefjellet onsdag 26. september

SNØ I VEGBANA: Slik ser det ut på Sognefjellet onsdag morgon. Biletet er teke ved Sognefjellshytta.

Foto: Webkamera

Like før klokka 06.30 onsdag morgon meldte Statens vegvesen at fylkesveg 55 over Sognefjellet var stengd på grunn av bilbering.

Ifølgje Vegtrafikksentralen skal ein lastebilsjåfør som skulle ned fjellet ha møtt på så glatt veg at han rett og slett ikkje torde å starte på nedstiginga. Lastebilen stod slik til at det ikkje var passering på staden.

Mannskap vart sende ut til staden for å strø på strekninga, og det var ved 06.30-tida venta at vegen kunne opne i 08-tida.

Klokka 08.20 opplyser Vegtrafikksentralen at vegen over fjellet framleis er stengd. Vogntoget er no i ferd med å ta seg ned, men skal ha fått problem med ei punktering. Klokka blir truleg over 09 før vegen kan opne, får NRK opplyst.

Først klokka 10 var vegen open att.

Snø på fleire fjell

Vegvesenet melder også om snødekke på fylkesveg 50 Hol-Aurland. Klokka 07 var det det 0 grader, lett bris og kraftig snø på denne fjellovergangen.

På fylkesveg 53 Tyin-Årdal var det tidleg onsdag morgon vekslande bart, med snøslaps og snødekke. Klokka 05.40 var det 0 grader, laber bris og sluddbyer.

Fylkesveg 243 over Aurlandsfjellet er i tillegg stengd på grunn av vanskelege køyreforhold.