Hopp til innhold

Sakna mann funnen

Ein mann i 20-åra frå Askvoll som var sakna er funnen i god behald.

Mannen vart funnen sovande og i fin form i campingvogn i Vårdal.

Årsaka til at det vart starta leiting etter mannen, var at han stakk av berre i teskjorta i eitt-tida frå eit husvære i natt. Ingen hadde høyrd noko frå han før han vart funnen i campingvogna.

-Folk både frå politiet, Røde Kors, Sivilforsvaret og redningshundar leita etter mannen, seier Wenke Hope, operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet kritisk

-Kva synest du om at han stakk av på denne måten utan å gje beskjed kvar han var?

-Det synest vi ikkje noko om. Folk bør seie frå til sine næraste dersom dei dreg sin veg. På den måten slepp ein å bli redd for kva som kan ha skedd og ein slepp å starte leiteaksjonar, seier Hope.

-Vil det bli reist krav om at han må dekkje utgiftene i samband med leiteaksjonen?

-Nei, det vil det ikkje bli.