– Vi hadde 350 000 kroner på kontoen, dei pengane vart då frosne, seier eigar Rolf Wikborg til avisa.
Hotellet som ligg i Marifjøra ved Lustrafjorden, har dermed fått problem med å betale for seg. Eigarane orsakar no ovanfor leverandørane sine som ikkje har fått betaling.
Såkalla skimmingutstyr kopierer informasjonen på bankkortet ditt og seinare vil bakmennene prøve å tappe kortet for pengar. Utstyret kan vere umogleg å oppdage når det er montert opp på forskjellige betalingsterminalar, og mange går i fella.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
I Gaupne var det ein bensinstasjon som blei skimma, og det er her kortet til Tørvis hotell blei brukt.
Tilsaman 18 personar opplevde at korta deira blei skimma då dei skulle fylle drivstoff. Til saman er det snakk om eit beløp på 100 000 kroner.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: