Hopp til innhold

Får ikkje undersøkt brannårsak

Frykta for gassar gjer at Bourbon Offshore Norway AS framleis ikkje har funne ut kva som starta brannen på ein av båtane deira tysdag.

Bourbon Tampen

BRANN: Det byrja tysdag føremiddag å brenne i maskinrommet på supplybåten Bourbon Tampen. Selskapet kan ikkje seie noko om brannårsaka.

Foto: Bourbon Offshore Norway AS

Mannskapet på 15 berga seg trygt i land då supplybåten «Bourbon Tampen» tok til å brenne då den låg til kai ved Fjord Base på Botnaneset i Florø tysdag føremiddag.

Brannen i motorrommet var raskt sløkt, mellom anna ved hjelp av båten sitt eige sløkkingsanlegg.

Tysdag ettermiddag kan dagleg leiar Bjørn Idar Remøy i Bourbon Offshore Norway AS framleis ikkje seie noko om årsaka til brannen. Det har vore folk om bord, men dei har ikkje fått gjort grundige undersøkingar.

– Det kan vere for mykje gassar til å gå inn, så vi er forsiktige med å gå inn for å gjere undersøkingar på noverande tidspunkt, seier Remøy til NRK.no.

Selskapet har framleis ikkje oversikt over kor stor skade brannen har gjort, men veit at den er avgrensa til motorrommet.

– Vi veit kor brannen har starta, men ikkje kvifor, seier Remøy.

Før ein kan gjere ytterlegare undersøkingar om bord må ein lufte ut det som kan vere av farlege gassar. Remøy seier dei håpar å finne ut av meir i løpet av onsdagen.

Saka blir etterforska av Flora politistasjon.