Hopp til innhold

No har Fannemel funne att formen

Etter ein tung sommarsesong utan dei gode plasseringane, losna det for Anders Fannemel under norgescuprennet i hopp i Midtstuen laurdag. Han hoppa seg til topps på pallen, og gler seg til rennet søndag.

Anders Fannemel

GLER SEG: Anders Fannemel ser fram til sesongen på snø tek til.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det gjorde godt. Eg kjende det på trening i går at det meste var på plass, så då eg hoppa i dag, stemnde det meste, seier Fannemel.

21-åringen frå Honndalen suste inn i landslagsvarmen etter fjorårssesongen der han markerte seg sterkt.

Men i sommar har resultata uteblitt, og han meinte sjølv at han hadde tekenokre steg tilbake frå der han var i vinter. Men med vilje.

Har endra på teknikken

For planen har heile tida vore at han skal bli mykje betre enn i vinter. Og for å få til det har han gjort endringar i teknikken.

– Eg prøver å gjere ting betre. Det går mellom anna på å tykke meir ned på heile foten. Det høyrest så lett ut, men det tek litt tid før ein klarar å gjere det heilt rett, seier Fannemel.

Akkurat i dag såg det iallfall ut til at teknikken sat som den skulle. Med 103,5 og 105 og totalpoengsum på 264,5 meter heldt det til å halde Anders Bardal på andreplass, og Philip Sjøen på tredje.

Rune Velta hamna på fjerde, Andreas Stjernen på femte, Andes Jacobsen på sjette og Tom Hilde på sjuande.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Fantastisk hopp av Anders Fannemel

Fantastisk hopp av Anders Fannemel

Er glad det losna i dag

Men Fannemel røpar at han har vore spent på formen.

– Men eg har heile tida hatt trua på at det skulle losne. Eg har vore skadefri og har fått trent godt. Fysikken er der han skal vere. Men eit slikt resultat er sjølvsagt med på å roe nervane, og det gjer noko med sjølvtilliten, seier Fannemel.

Renna i helga går på plast, noko som passar Fannemel bra.

– Plast og snø er ganske likt. Landinga er nesten betre enn på snø, for underlaget er heilt jamnt. Men det er hoppinga på snø som er viktigast, seier Fannemel.

Ny sjanse i morgon

I morgon er det plastmesterskap, og Fannemel håpar å gjere ein god figur der også.

– Klarar eg to slikt hopp som i dag, så er det bra. Då skal eg vere nøgd, seier Fannemel.

Neste helg er det Grand Prix-renn i Kasakstan, helga etter går turen til Austerrike og Tyskland. Deretter er det Norgescup.

– Det går slag i slag, men det blir sikkert ein liten pause mellom plast og snø, seier Fannemel.