Hopp til innhold

Sjå videoen frå MC-bryllaupet

Med hundrevis av motorfrelste som gjester gifta Randi Gjøstein og Tore Linge seg under eit MC-treff i Høyanger laurdag.

Ekteparet som no er busett på Askøy utanfor Bergen var aldri i tvil om at dei skulle gifte seg nettopp på seinsommarfesten til MC-klubben Høyangbjørn.

Det var her dei to møttest for akkurat fem år sidan, og då Randi Gjøstein fridde i februar i år var Tore Linge rask med å føreslå MC-treffet som arena for giftarmålet.

– Han trudde jo han skulle få litt motstand, men eg sa berre ja, sjølvsagt skal vi det, seier Gjøstein.

Laurdag var fleire hundre motorsykkelfrelste samla til MC-treff i Norevikane i Høyanger og alle fekk vere med då kjærasteparet vart til rette ektefolk.

Øvst i saka kan du sjå bilete frå bryllaupet og under kan du sjå video.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.