Det er årsaka til at vegen over fjellet likevel ikkje blir opna i helga.
I samband med bygginga av ny veg mellom Smedalsosen og Borlaug, har E16 vore stengt på vekedagane sidan midten av august. I ei fjellskjering ovanfor Maristova skal det utførast eit utfordrande sprengingsarbeid.
- LES OGSÅ:
Det var under sprenging på toppen av denne fjellskjeringa det skjedde eit utfall, som betyr at delar av fjellet under der det vart sprengt har rasa ut.
Det ligg store steinmassar og steinblokker i vegbana som må sprengjast og lastast vekk. Fjellsida er ustabil, og reinskingsarbeidet kan ikkje utførast før den er sikra. Det let seg ikkje gjere å få gjort dette innan komande fredag 7. september.
– Arbeidet med å reinske fjellsida og rydde vegen vil halde fram, og vi tek sikte på å opne vegen som annonsert neste fredag, seier prosjektleiar for E16 Filefjell, Oddvin Ylvisaker.
- – LES OGSÅ: