Hopp til innhold

Fekk rentefritt lån av kommunen - no kan dei satse stort på treplater

Takka vere økonomisk støtte frå kommunen blir det no satsa stort på limtre-plater i Gaupne. Verksemda Massiv Lust AS held i desse dagar på å ferdigstille den store fabrikkbygningen sin.

Alexander Lien

SATSAR: Alexander Lien og dei andre gründerane bak verksemda Massiv Lust seier dei var heilt avhengige av økonomisk støtte frå kommunen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ein stor fabrikkhall reiser seg på Gaupnegrandane i Luster. Alexander Lien og dei andre gründerane bak verksemda Massiv Lust seier dei var eit bevisst val å leggje satsinga si til nettopp denne kommunen.

Lien seier dei her fann ein kommune som ville satse på ideen deira om å bruke lokalt tømmer til å produsere massive limte bygningsplater.

– Hadde det ikkje vore for Luster kommune så hadde det ikkje vore mogleg. Dei har både vilje og evne til å tore å satse på noko som kan vere usikkert, dette fordi det er vanskeleg å definere løpet framover, seier Lien til NRK.no.

Avhengig av støtte frå pengesterk kommune

Luster kommune har nemleg gitt gründerane eit rentefritt lån på 2,3 millionar kroner. Det har gjort det mogleg med ei satsing som også vil vere positivt for nærområdet.

– Vi jobbar tett med treentusiastar og fagfolk i område, og det er eit klart mål at trevirke skal kome herfrå, seier Lien.

Kraftkommunen i Indre Sogn er ein av landets rikaste, og fram til 2011 så hadde kommunen lånt ut i alt 57 millionar frå næringsfondet.

Dette er pengar som kommunen har til rådvelde etter dei store kraftutbyggingane. Ordførar Ivar Kvalen seier kommunen er villige til å ta ein risiko for å få nyetableringar til kommunen.

– Dei låna som kommunen gir frå næringsfondet har ofte lågare prioritet enn bankar og andre, slik at det er eit risikoelement i det.

– Økonomiske musklar

Likevel kan han ikkje sjå at kommunen har gått på store smellar opp gjennom åra.

– Eg har sjekka litt tilbake og det er veldig lite tap og misleghalde lån i næringsfondet, seier ordføraren og legg til:

– Vi er privilegerte som har hatt store kraftutbyggingar som gir oss økonomiske musklar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ivar Kvalen

HAR IKKJE TAPT: Ordførar Ivar Kvalen seier dei har gode erfaringar med å gje ut rentefrie lån til gründerar som til dømes mennene bak Massiv Lust AS.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Å gripe ein kjempestor moglegheit

På tomta på Gaupnegrandane er den store fabrikkhallen i ferd med å bli ferdig. Når alt står ferdig skal det vere eit fabrikklokale i reint tre, og inni skal ein altså satse stort på å lage limtreplater til byggindustrien.

Dei som no jobbar natt og dag med etableringa har stor tru på at det skal bli ein suksess. Innovasjon Norge, ein lokal sparebank og kommunen er alle aktive medspelarar.

– Dei er med på å ta ein risiko dei også, men først og fremst er dei med på å gripe ein kjempestor moglegheit.