Hopp til innhold

Har sagt opp avtale om skiløyper

Fleire grunneigarar i Stryn har sagt opp avtalen om at det kan gå skiløyper over eigedommen deira. No fryktar idrettslaget for framtida til skianlegget i området.

Det kan bli full stopp og nedsnødde skiløyper i eit av Vestlandets mest populære turområde denna vinteren.
Ein tvist om kvar løypene skal gå føre til at ingen får preparerte løyper i vinter.

SJÅ TV-SAK: Ein tvist kan setje full stopp for i eit av Vestlandets mest populære turområde denna vinteren.

Grunneigar Anders Magne Vik er ein av dei som har valt å seie opp avtalen han har med Turløyper Stryn, skriv avisa Fjordingen. Delar av løypene på skianlegget Ulsheim går i dag over grunnen hans og Markane IL er blant dei som no er uroa for kva som vil skje med løypeanlegget.

Vik seier til NRK at han har bedt om at ein sving på ein av løypene blir flytta litt på, men at verken Turløyper Stryn (som driftar løypene) eller Stryn kommune har ville gått med på dette.

– Difor såg eg det som nødvendig å seie opp avtalen, seier Vik til NRK.no og viser til at dette er det einaste pressmiddelet han har.

– Skiløypene er det viktigaste vi har

Bakgrunnen for at Vik ønskjer å flytte delar av løypa som går på eigedommen hans, er at han ønskjer å få best mogleg utnytting av arealet som kan nyttast til hyttebygging. Slik det er no deler løypa opp eit stort areal i fleire mindre stykke.

Vik seier til NRK at kommunen har regulert inn løypene i kommunedelplanen og at det ikkje kan byggjast hytter innanfor ein viss avstand til løypa.

Til avisa Fjordingen seier han at han kjenner seg forskjellsbehandla og viser til at det er uheldig at han må halde grunn til skiløyper når andre grunneigarar kan byggje ut sine hyttefelt utan inngrep.

(Artikkelen held fram under biletet)

Veg ved turløyper i Stryn

VIL FLYTTE SVING: Grunneigaren vil flytte vegen til høgre til der som vegen til venstre går.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Det viktigaste vi har

Men til no har han altså ikkje fått med seg dei andre aktørane på å flytte delar av løypa som går over hans grunn. Vik håpar likevel at det skal gå an å kome fram til ein minneleg avtale.

Både han og svært mange andre i område nyt nemleg godt av skiløypene, forklarar Vik.

– Skiløypene er det viktigaste vi har i området. Viss vi ikkje har skiløyper så er det ikkje attraktivt å byggje hytter her, seier Vik til NRK og legg til:

– Eg trur at alt ordnar seg viss vi kjem i dialog og kjem fram til ein avtale som er god for alle.

Fryktar for utviklinga

Styret i Markane IL er uroa etter oppseiinga av avtalen og gir uttrykk for dette i eit brev dei har sendt til Stryn kommune.

Ifølgje Fjordingen skriv dei mellom anna det er lagt ned tusenvis av dugnadstimar på løypene og at idrettslaget vil kome ut som ein tapande part om ein ikkje klarar å kome fram til ei løysing i saka.

Jobbar for å finne løysing

Rådmann i Stryn, Per Kristian Storevik, seier til NRK at kommunen veit at det er fleire grunneigarar som har sagt opp avtalen om at det kan gå skiløyper over grunnen deira. I tillegg til Anders Magne Vik er det også fleire andre som eig eit felles område.

Storevik seier dei er i dialog med alle grunneigarane, og at dei ikkje har teke stilling til dei krava som er kome.

Uansett håpar han at ein får til ei løysing før vinteren kjem.

– Det håpar eg inderleg. Det er til stor skade om vi ikkje har eit løypenett som heng saman til vinteren, seier rådmannen til NRK.no.