Hopp til innhold

Fryktar hund drep fleire sauar

Hundar drep langt fleire sauer enn dei tilfella ein kjenner til. Det meiner Vidar Sandal i Breim sau og geit.

Sauer på beite

KAN BLI JAGA: Vidar Sandal i Breim sau og geit ber hundeeiegarar halde hunden sin i band. Berre slik kan ein sikre at sauar og andre dyr på beite blir jaga av hundar.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Sjølv om det er bandtvang i Norge i tidsrommet frå 1. april til 20. august, er det mange som ikkje respekterer dette. Sandal seier dei stadig vekk registrerer lause hundar i beiteområde og meiner dette alt for ofte fører til uheldige situasjonar.

Det er berre dagar sidan han sjølv såg at eg hund stakk av frå eigaren sin for å jage ein sau.

– I dette tilfellet var sauen skade. Og det er for mange slike tilfelle i løpet av ein sesong, seier Sandal til NRK.no.

Trur ikkje folk forstår alvoret

Vår og sommar må folk som har hund ha den i band. Bandtvangen gjeld frå 1. april til og med 20. august, men mange kommunar har utvida denne til å gjelde i ein lenger periode.

Dersom folk ikkje respekterer bandtvangen kan hund som er laus i beiteområde ofte føre til ei jakt på liv og død. Sandal er oppgitt over at mange ikkje verkar å skjønne alvoret.

– Hund som ikkje er i band luktar gjerne sau på lang avstand. Når den tek ut er det ofte slik at eigar ikkje klarar å kalle den tilbake, forklarar Sandal.

Ein bonde i Førde truga i fjor sommar med å skyte hundar utan band. Dette etter fleire episodar der lam hadde blitt jaga i døden.

– Store mørketal

Sjølv om han ikkje har tal på kor mange sauar som blir skadde eller drepne etter hundeangrep, trur han det skjer oftare enn folk trur.

– Eg trur mørketala er atskilleg større enn det folk flest kanskje trur.

– Det å finne sau som er jaga ned i elvefar eller utfor fjellhamrar, med bit eller sprengde lunger etter at dei har blitt jaga til dei ikkje orka meir. Det er synd, seier Sandal.

Han oppmodar hundeeigarar på det sterkaste om å respektere bandtvangen. Kristin Bjørkelo, leiar i Gloppen Hundeklubb, støttar opp om oppmodinga.

– Hunden er eit rovdyr

Ho meiner folk må hugse på at hunden faktisk er eit rovdyr.

– I nokon tilfelle trur eg folk trur litt for godt om sin eigen hund. Dei trur dei klarar å få den tilbake ved å rope på den, men oppdagar litt for seint at det ikkje er tilfelle, seier Bjørkelo.

Mange trur gjerne at akkurat deira hund ikkje kan gjere noko skade.

– Folk trur kanskje at den snille vesle hunden deira ikkje kan gjere noko så gale som å gå laust på ein sau, seier hundeklubbleiaren.

Bjørkelo seier det ikkje finst noko unnskyldning for ikkje å bruke band på hunden sin.

– Ein hund er eit rovdyr, uansett storleik. I gitte situasjonar trer instinkta inn, slik er det berre. Det er vi som eiger og har hund som har plikt til å sikre at slike ting ikkje skjer.